Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Heilagdomen åt Mika

1. Mika heitte ein mann som budde i Efraims-fjella.

2. Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sekel sølv som vart tekne frå deg – du lyste endå ei forbanning for den skuld medan eg høyrde på – dei pengane er hjå meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»

3. Då han gav dei elleve hundre sekel sølv attende til mor si, sa ho: «Desse pengane vier eg til Herren og gjev dei til son min, så han kan laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No skal du få dei att.»

4. Så tok ho to hundre sekel av dei pengane som han kom med, og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.

5. Denne Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre husgudar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.

6. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

7. Det var ein ung mann av Juda-ætta som hadde slege seg ned der. Han var ein levitt frå Betlehem i Juda.

8. Denne mannen hadde flytt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og ville finna seg ein bustad der det kunne høva. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraims-fjella.

9. Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein stad der det kunne høva å setja bu.»

10. Då sa Mika til han: «Gjev deg til her, og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sekel sølv for året og halda deg med mat og klede.» Og levitten vart med han inn.

11. Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans.

12. Mika sette den unge levitten til prest hjå seg, og han vart verande i huset hans Mika.

13. Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»