Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Krig mot Benjamin

1. Då tok alle israelittane ut. Heile folket, frå Dan til Be’er-Sjeba og frå Gilead-landet, alle som ein samla seg framfor Herren i Mispa.

2. Og hovdingane for heile folket, for alle Israels-ættene, møtte fram der Guds-folket var samla. Det var fire hundre tusen fotfolk, væpna med sverd.

3. Folket i Benjamin fekk høyra at israelittane var farne opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det bar til med denne ugjerninga!»

4. Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til ords og sa: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5. Men Gibea-mennene kom mot meg om natta og kringsette huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, så ho døydde.

6. Då tok eg fylgjekona mi og lema henne sund og sende lutene kring i heile Israels land og rike. For dei hadde gjort ei ugjerning og eit skjemdarverk i Israel.

7. Når de no er samla her, alle Israels-menner, så kom fram med dykkar meining og gjev råd!»

8. Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til sitt telt eller fara heim til sitt hus.

9. Og såleis skal vi no gjera med Gibea: Vi kastar lodd om kven som skal gå mot byen,

10. og tek ut ti mann for kvart hundre av alle Israels ætter, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal henta mat til stridsmennene, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der lika for det skjemdarverket dei har gjort i Israel.»

11. Så samla dei seg, alle Israels-mennene, og drog mot byen, alle som ein.

12. Og Israels-ættene sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hjå dykk?

13. Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel.» Men folket i Benjamin ville ikkje høyra på frendane sine, israelittane.

14. Frå alle byane sine kom dei saman i Gibea og ville dra i strid mot israelittane.

15. Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane; attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.

16. Mellom alle desse fanst det sju hundre utvalde menn som var keivhendte. Når dei kasta slyngjesteinen, råka dei alle saman på eit hår; ingen kasta i miss.

17. Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen væpna menn, alle øvde krigarar.

18. Israelittane gjorde seg ferdige og fór opp til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal fyrst dra ut i striden mot Benjamins-mennene?» Og Herren svara: «Juda fyrst.»

19. Om morgonen braut israellittane opp og leira seg midt imot Gibea.

20. Så drog dei fram til strid mot Benjamin; dei gjekk mot Gibea, fylka til strid.

21. Men folket i Benjamin braut fram frå Gibea og felte den dagen tjueto tusen israelittar.

22. Då tok israelittane mot til seg og fylka seg til strid på same staden som dei hadde fylka seg dagen før.

23. Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi atter dra fram og strida mot frendane våre i Benjamin?» «Gå imot dei!» svara Herren.

24. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamins-mennene.

25. Og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte atter atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26. Då drog heile Israels-hæren opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile dagen, alt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.

27. Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der,

28. og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste for Herrens åsyn. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut i strid mot frendane våre i Benjamin, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i hendene dykkar.»

29. Då la israelittane folk i bakhald rundt ikring Gibea.

30. Tredje gongen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea liksom dei førre gongene.

31. Benjamins-mennene kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei fyrst nokre av israelittane på landevegane som fører oppetter, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea; det var om lag tretti mann som fall.

32. Då tenkte Benjamins-mennene: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss røma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»

33. Så tok alle israelittane ut frå den staden der dei hadde halde til, og fylka seg i Ba’al-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymsla si vestanfor Gibea.

34. Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid; men Benjamins-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.

35. Herren laga det så at Benjamin tapte for Israel. Den dagen felte dei tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin; alle desse var våpenføre.

36. Då såg Benjamins-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane drog seg atttende frå Benjamin, for dei leit på dei som låg i bakhald attmed Gibea.

37. Og no sprang desse mennene fram. Dei trengde inn i Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.

38. Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen.

39. Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i fyrstninga nokre av dei, om lag tretti mann. For dei tenkte: «Vi kjem nok til å slå dei no som førre gongen.»

40. Men så tok røyken til å stiga opp frå byen som ei søyle. Og då Benjamins-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge, som slo opp mot himmelen.

41. I det same vende israelittane om. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42. For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot øydemarka. Men striden fylgde dei i hælane, og snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei.

43. Israelittane ringa Benjamins-mennene inne, forfylgde dei og trakka dei ned når dei måtte kvila, heilt til dei var beint i aust for Gibea.

44. Det fall atten tusen mann av Benjamins-ætta, alle saman djerve stridsmenn.

45. Dei andre snudde om og rømde ut i øydemarka, til Rimmon-berget. Av dei som var att, felte israelittane endå fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.

46. I alt var det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenn.

47. Seks hundre mann som hadde snutt og rømt ut i øydemarka, til Rimmon-berget, heldt til der i fire månader.

48. Men israelittane fór attende til Benjamin og øydde byen med odd og egg; alt dei kom over, hogg dei ned, både folket og feet. Og alle byane i landet sette dei eld på.