Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kongedømet åt Abimelek

1. Abimelek, son til Jerubba’al, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med alt morfolket sitt og sa:

2. «Kjære, tala no så alle mennene i Sikem høyrer det, og spør dei: Kva er best for dykk, at sytti mann, alle sønene til Jerubba’al, rår over dykk, eller at berre ein mann har råderetten? Og kom så i hug at vi er same folket.»

3. Då tala morbrørne om han til alle mennene i Sikem og la alt fram for dei. Og hugen drog dei til Abimelek. «Han er ein av våre,» sa dei.

4. Så gav dei han sytti sekel av tempelskatten åt Ba’al-Berit. For dei leigde Abimelek nokre lause og uvørdne karar, og dei fylgde han.

5. Så fór han til huset åt far sin i Ofra og drap brørne sine, sønene til Jerubba’al, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubba’al, vart att; for han hadde gøymt seg.

6. Då samla dei seg, alle mennene i Sikem og alle som var i by-borga. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, under eika der minnesteinen i Sikem står.

7. Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Der stod han og ropa til dei: Høyr på meg, de Sikems-menner, så skal Gud høyra på dykk!

8. Det var ein gong at treaville salva seg ein konge.Dei sa til oliventreet:«Du skal vera kongen vår.»

9. Men oliventreet svara:«Skulle eg gje avkall ¬på oljen min,som gudar og menneske ¬ærar meg for,og gje meg til å svaga ¬over skogen?»

10. Då sa dei til fikentreet:«Kom du og ver kongen vår!»

11. Fikentreet svara:«Skulle eg gje avkall ¬på mi søte, gode fruktog gje meg til å svaga ¬over skogen?»

12. Så sa dei til vintreet:«Kom du og ver kongen vår!»

13. Vintreet svara:«Skulle eg gje avkall ¬på safta mi,som gjer gudar og menneske ¬glade,og gje meg til å svaga ¬over skogen?»

14. Då sa alle trea til klungeren:«Kom du og ver kongen vår!»

15. Klungeren svara:«Er det alvorat de vil salva meg til konge,så kom og svala dykk ¬i skuggen min!Men er det ikkje,skal det fara eld ¬ut frå klungeren,og han skal øyda ¬sedrane på Libanon.»

16. Har de fare ærleg og trufast fram når de no har teke Abimelek til konge? Har de gjort vel mot Jerubba’al og ætta hans og lønt far min for det han gjorde

17. då han stridde for dykk og våga livet og berga dykk frå midjanittane?

18. I dag har de reist dykk mot ætta åt far min og drepe sønene hans, sytti mann på éin stein, og så har de gjort Abimelek, son åt trælkvinna hans, til konge over borgarane i Sikem, fordi han er frenden dykkar.

19. Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubba’al og ætta hans, så gjev de må få glede av Abimelek, og gjev han må få glede av dykk!

20. Men har de ikkje det, skal det fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-mennene og dei som bur i borga. Og eld skal fara ut frå Sikems-mennene og dei som bur i borga, og tyna Abimelek.

21. Så rømde Jotam og kom seg unna. Han fór til Be’er; og der slo han seg ned, så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå i han.

22. I tre år styrte Abimelek i Israel.

23. Då sende Gud ei vond ånd som vekte strid mellom Abimelek og Sikems-mennene, og dei sveik Abimelek.

24. Dette hende for at same valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene åt Jerubba’al då dei miste livet, skulle koma både over Abimelek, frenden deira, som hadde drepe dei, og over Sikems-mennene, som stødde han så han kunne drepa brørne sine.

25. Sikems-mennene la folk i bakhald på fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.

26. På den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han.

27. Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28. Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen?

29. Gjev eg hadde dette folket i mi makt, så skulle eg nok få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»

30. Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm.

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg.

32. Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute på marka!

33. Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar.

35. No bar det så til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet då Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet.

36. Ga’al fekk auga på dei og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for folk.»

37. Men Ga’al heldt på sitt og sa: «Jau, det kjem folk ned frå Midtfjellet, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

38. Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Det var du som sa: Er Abimelek slik mann at vi skulle træla under han? Sjå, der er dei folka du vørde så lite. Dra no ut og strid imot dei!»

39. Då drog Ga’al ut med Sikems-mennene og stridde mot Abimelek.

40. Men Abimelek sette etter han og jaga han føre seg. Mange lét livet; det låg falne heilt bort til byporten.

41. Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Ga’al og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.

42. Dagen etter skulle Sikems-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det,

43. tok han og delte hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute på marka, og då han såg at folka kom ut or byen, sette han på dei og slo dei.

44. Sjølv sprang han fram og stelte seg i byporten saman med den flokken som fylgde han, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned.

45. Abimelek stridde mot byen heile dagen og tok han. Folket som var der, slo han i hel; byen reiv han ned og strøydde salt på tufta.

46. Då mennene i Sikems-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellar-romet under El-Berit-templet.

47. Så snart Abimelek fekk vita at alt folket i Sikems-borga hadde samla seg,

48. gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Han tok ei øks i handa og hogg greiner av trea, tok dei opp og la dei på akslene og sa til folka sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg meg gjera.»

49. Då hogg alle mennene kvar si bør med greiner og fylgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellar-romet og brende dei over hovudet på dei som var der. Såleis miste dei livet, alle som var i Sikems-borga, om lag tusen menn og kvinner.

50. Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.

51. Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alt folket i byen, både menn og kvinner. Dei stengde etter seg og gjekk opp på taket.

52. Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom innåt porten i tårnet og ville setja eld på han,

53. var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på han, så skallen vart knust.

54. Abimelek ropa snøgt til våpensveinen sin: «Dra sverdet og drep meg, så det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» Då stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.

55. Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.

56. Såleis gav Gud Abimelek lika for det valdsverket han gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.

57. Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over dei sjølve. Dei fekk sanna den forbanninga som Jotam Jerubba’alsson hadde lyst over dei.