Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Samson hemner seg og vinn over filistarane

1. Då det leid av ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i kammeret til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det.

2. Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta den yngste systera i staden? Ho er då mykje venare.»

3. Då sa Samson: «Denne gongen fører eg ikkje skuld over meg om eg gjer filistarane noko vondt.»

4. Så gjekk han av og fanga tre hundre revar, fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.

5. Og han kveikte eld i faklane og sleppte revane inn på åkrane åt filistarane. Såleis brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, og like eins vingardane og olivenhagane.

6. Filistarane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, versonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi verfaren tok kona hans og gav henne til bruresveinen.» Så fór filistarane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de fer åt, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemnt meg på dykk.»

8. Og han slo dei så dei stupte i kross og krok, og det vart eit stort mannefall. Sidan fór han ned til Etam-juvet og gav seg til der.

9. No kom filistarane opp i Juda og leira seg der; og dei spreidde seg utover i Leki.

10. Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera like eins med han som han har gjort med oss.»

11. Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistarane rår her i landet? Kvifor har du då gjort oss dette?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, så har eg gjort mot dei.»

12. Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg i hendene på filistarane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil slå meg i hel.»

13. Dei svara: «Nei, vi vil berre binda deg og gje deg i hendene deira; vi vil ikkje drepa deg.» Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet.

14. Då Samson kom til Leki, sprang filistarane imot han med høge rop. Då kom Herrens Ande over han. Reipa om armane hans vart som brend tråd, og banda datt av hendene hans som om dei var morkna.

15. Så fann han eit friskt kjakebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det.

16. Då sa Samson:«Med eselkjakenslo eg dei i haugevis;med eselkjakenslo eg tusen mann.»

17. Då han hadde sagt dette, kasta han kjakebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjakebeinhaugen.

18. Men så vart Samson brennande tyrst, og han ropa til Herren: «Du har hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren. Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei uomskorne?»

19. Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn ut or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda; ho er enno i Leki.

20. Samson var domar i Israel i tjue år. Det var i filistartida.