Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Domarane Tola og Ja’ir

1. Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua Dodoson av Jissakars-ætta, og budde i Sjamir på Efraims-fjellet.

2. Han var domar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.

3. Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram. Han var domar i Israel i tjueto år.

4. Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og åtte tretti teltbyar som enno i dag vert kalla Ja’irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.

5. Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.

Ammonittane kuar Israel

6. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta og gudane åt folket i Aram, Sidon, Moab, Ammon og Filistarlandet. Dei vende seg frå Herren og ville ikkje tena han.

7. Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane.

8. Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead.

9. Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud.

10. Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Ba’al-gudane.»

11. Herren svara: «Har eg ikkje berga dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane, filistarane,

12. sidonarane, amalekittane og midjanittane? Då dei plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut or hendene deira.

13. Men de vende dykk bort frå meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.

14. Gå og kalla på dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»

15. Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»

16. Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.

17. Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.

18. Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå fyrst i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»