Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herrens engel åtvarar israelittane

1. Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.

2. Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?

3. No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.

4. Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket.

5. Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

Israel fell frå i domartida

6. Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg.

7. Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle var til, dei som hadde levt lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.

8. Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.

9. Dei gravla han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres, i Efraims-fjella, nord for Ga’asj-fjellet.

10. Snart fór heile denne ættleden til fedrane sine. Og den nye ætta som voks opp, kjende ikkje Herren og visste ikkje kva han hadde gjort for Israel.

11. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane

12. og vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut or Egypt. Dei heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolka. Dei bøygde seg for dei og tilbad dei og harma såleis Herren.

13. Dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bileta.

14. Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane.

15. Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei. Difor gjekk det dei ille, som Herren hadde sagt, og som han hadde svore. Og dei kom i stor naud.

16. Då lét Herren domarar stå fram, som berga dei frå røvarane.

17. Men dei lydde ikkje domarane sine heller. Trulause som dei var, heldt dei seg til andre gudar, bøygde seg for dei og tilbad dei, og snart veik dei av frå den vegen som fedrane deira hadde fylgt. For fedrane lydde Herrens bod, men det gjorde ikkje dei.

18. Kvar gong Herren lét ein domar stå fram mellom dei, var Herren med han og berga folket frå fiendane deira så lenge domaren levde. For Herren ynkast over dei når dei sukka og stunde fordi dei vart trælka og kua.

19. Men ikkje før var domaren borte, så bar dei seg atter ille åt, endå verre enn fedrane. Dei heldt seg til andre gudar, tente dei og tilbad dei, og dei gav ikkje opp sine vonde gjerningar og si trassige ferd.

20. Då vart Herren brennande harm på Israel og sa: «Fordi dette folket har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira, og ikkje lydt etter orda mine,

21. så vil heller ikkje eg hjelpa dei og driva ut noko av dei folka som Josva lét vera att då han døydde.

22. For med dei vil eg prøva Israel og sjå om dei held seg til Herrens vegar og går på dei, som fedrane deira gjorde, eller ikkje.»

23. Så lét Herren desse folka vera. Han dreiv dei ikkje straks ut og gav dei ikkje i Josvas hand.