Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Samson vert fødd

1. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Då lét Herren filistarane få makt over dei, og det varte i førti år.

2. Det var ein mann av Dans-ætta som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.

3. Og Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal verta med barn og få ein son.

4. Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint!

5. For du skal verta med barn og få ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans; for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera opptaket til å berga Israel frå filistarane.»

6. Så gjekk kona til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7. Han sa til meg: Du skal verta med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»

8. Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis vi skal fara åt med det barnet som skal koma til verda.»

9. Gud høyrde Manoahs bøn. Og Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.

10. Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»

11. Manoah reiste seg og fylgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja,» svara han.

12. Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då bera oss åt med guten, og kva skal vi gjera med han?»

13. Herrens engel svara: «Alt det eg nemnde for kona di, lyt ho akta seg for.

14. Ho må ikkje nyta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har sagt henne, lyt ho halda seg etter.»

15. Då sa Manoah til Herrens engel: «Kan du ikkje bia her eit bel, så vi får stella til eit kje for deg?»

16. Men Herrens engel svara: «Om du får meg til å bia, så et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, så ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.

17. Difor sa han til han: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?»

18. Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»

19. Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på,

20. hende det noko. Då logen steig opp frå altaret mot himmelen, fór Herrens engel opp i logen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda.

21. Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans. Då skjøna Manoah at det var Herrens engel,

22. og han sa til kona si: «No lyt vi døy, for vi har sett Gud.»

23. Men ho svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss, og vi hadde ikkje fått sjå og høyra alt dette.»

24. Kona fekk ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han.

25. Og Herrens Ande tok til å driva han medan han var i Dans-leiren mellom Sora og Esjta’ol.