Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Andre offerlover

1. Dette er lova om skuldofferet: Høgheilagt er det.

2. På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret,

3. og alt feittet skal dei ofra: feitthalen, netja,

4. begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som skal skjerast ut saman med nyrene.

5. Presten skal brenna det på altaret som eldoffer til Herren. Det er eit skuldoffer.

6. Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.

7. Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet. Same lova gjeld begge. Den presten som gjer soning med det, han skal ha det.

8. Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, skal denne presten ha skinnet av offerdyret han har bore fram.

9. Alle grødeoffer som vert bakte i omn, kokte i gryte eller steikte på helle, skal han ha, den presten som ber dei fram.

10. Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra Arons-sønene til, den eine som den andre.

11. Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren:

12. Ber nokon det fram som takkoffer, skal han saman med slaktofferet bera fram usyrte kaker med olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og kveitemjøl som er blanda med olje og knatt til kaker.

13. Det er dei offergåvene han skal bera fram saman med takkofferet og måltidsofferet sitt, og attåt det skal han ha med seg syrte kaker.

14. Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret.

15. Kjøtet av dette offeret, som er eit takkoffer, skal etast same dagen som det vert frambore. Ikkje noko av det må verta liggjande til morgons.

16. Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter.

17. Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast.

18. Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg.

19. Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet.

20. Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt.

21. Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt.

22. Herren tala til Moses og sa:

23. Sei til israelittane: De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.

24. Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan nyttast på ulik måte; men eta det må de ikkje.

25. For kvar den som et feittet av dyr som det vert ofra eldoffer av til Herren, skal rydjast ut or folket sitt.

26. Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur.

27. Den som nokon gong et blod, han skal rydjast ut or folket sitt.

28. Herren tala til Moses og sa:

29. Sei til israelittane: Den som vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal sjølv koma med den gåva han vil gje Herren av offeret sitt.

30. Med eigne hender skal han bera fram Herrens eldoffer, både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast for Herrens åsyn.

31. Presten skal brenna feittet på altaret. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha.

32. Det høgre låret skal de gje presten i avgift av måltidsoffera dykkar.

33. Den av Arons-sønene som ber fram blodet og feittet av måltidsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del.

34. For brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, tek eg imot av israelittane, når dei kjem med måltidsoffera sine, og gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Den retten skal dei ha hjå israelittane til evig tid.

35. Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens eldoffer den dagen dei vert førte fram og skal gjera presteteneste for Herren.

36. Det var det Herren sa at israelittane skulle gje dei den dagen dei vert salva, og det skulle dei ha rett til i alle tider og ætter.

37. Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og måltidsofferet,

38. den lova som Herren gav Moses på Sinai-fjellet, då han baud israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka.