Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Lova om reinsing for hudsjukdom

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Dette er lova om korleis den som har hudsjukdom som gjer urein, skal seiast rein: Han skal førast til presten,

3. og presten skal gå ut or leiren og sjå på han. Finn han då at mannen er lækt for sjukdomen sin,

4. skal han få folk til å henta to levande reine fuglar, litt sedertre, karmosinraud ull og isop til reinsinga av han.

5. Han skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirfat som er fylt med friskt vatn.

6. Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og duppa alt saman, den levande fuglen med, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet,

7. og skvetta sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Såleis skal han reinsa han. Og den levande fuglen skal han la flyga sin veg.

8. Så skal den som lèt seg reinsa, vaska kleda sine, raka av seg alt håret og lauga seg. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar.

9. Den sjuande dagen skal han raka seg att. Både håret på hovudet og skjegget og augnebryna, alt håret, skal han raka av seg. Og han skal vaska kleda sine og lauga kroppen sin. Då er han rein.

10. Den åttande dagen skal han ta to lytelause verlam og eit årsgamalt, lytelaust saulam og til grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl med olje i, og så ein log olje.

11. Presten som står for reinsinga, skal føra den som lèt seg reinsa, og offergåvene hans fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.

12. Så skal presten ta det eine verlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens åsyn.

13. Verlammet skal dei slakta på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet. Det er høgheilagt.

14. Presten skal ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som vert reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

15. Han skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si,

16. duppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens åsyn.

17. Noko av den oljen som er att i handa hans, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet.

18. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn.

19. Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som lèt seg reinsa for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet.

20. Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein.

21. Men er det ein fattig mann, som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit verlam til skuldoffer – det skal svingast til soning for han – og ein tiandedels efa kveitemjøl med olje i, ein log olje, til grødeoffer,

22. og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera syndoffer og den andre brennoffer.

23. Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han bera desse offergåvene fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten.

24. Og presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og svinga det for Herrens åsyn.

25. Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

26. Han skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si,

27. og med høgre peikefingeren skvetta litt av oljen som han har i venstre handa, sju gonger for Herrens åsyn.

28. Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over den staden der blodet av skuldofferet er.

29. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens åsyn.

30. Så skal han bera fram den eine av turtelduene eller dueungane, det han har råd til,

31. som syndoffer og den andre som brennoffer, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som lèt seg reinsa, for Herrens åsyn.

32. Dette er den lova de skal fylgja når den som har lita råd, har fått hudsjukdom og skal reinsast.

Lova om sopp på hus

33. Herren tala til Moses og Aron og sa:

34. Når de kjem inn i Kanaan, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt det koma sopp på eit hus i landet dykkar,

35. skal huseigaren gå til presten og seia: «Det ser ut til at det har kome sopp på huset.»

36. Då skal presten setja dei til å rydja huset før han sjølv kjem og ser på flekkene, så ikkje alt det som er i huset, vert ureint. Så skal han koma og sjå på huset.

37. Finn han då at flekkene på veggene er grønvorne eller raudvorne søkk som synest liggja djupare enn veggen,

38. skal han gå ut or huset, låsa døra og halda huset stengt i sju dagar.

39. Den sjuande dagen skal presten koma att. Finn han då at flekkene har breitt seg på veggene i huset,

40. skal han setja folk til å bryta ut dei steinane som det er flekker på, og kasta dei på ein urein stad utanfor byen.

41. Dei skal skrapa huset rundt ikring innvendes, og leira som dei har skrapa av, skal dei kasta på ein urein stad utanfor byen.

42. Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny leire og pussa huset med.

43. Bryt flekkene ut att på huset etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa,

44. skal presten koma og sjå på det. Finn han at flekkene har breitt seg, er det stygg sopp på huset. Det er ureint.

45. Då skal dei riva huset, både steinane, treverket og all leira, og føra det ut or byen, til ein urein stad.

46. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.

47. Den som ligg i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine.

48. Finn presten, når han kjem og ser på huset, at flekkene ikkje har breitt seg etter at huset vart pussa, skal han seia frå at det er reint. For skaden er lækt.

49. Så skal han ta to fuglar, eit stykke sedertre, litt karmosinraud ull og isop og reinsa huset.

50. Den eine fuglen skal han slakta over eit leirfat som er fylt med friskt vatn.

51. Og han skal ta sedertreet, isopen, den karmosinraude ulla og den levande fuglen og duppa det i blodet av den som er slakta, og i det friske vatnet og skvetta på huset sju gonger.

52. Når han så har reinsa huset for synd med fugleblodet, det friske vatnet, den levande fuglen, sedertreet, isopen og den karmosinraude ulla,

53. skal han sleppa den levande fuglen og la han flyga ut or byen. Såleis skal han gjera soning for huset. Då er det reint.

54. Dette er lova om allslags hudsjukdom og om skurv,

55. om åt på klede og sopp på hus,

56. om trote, utslett og ljose flekker,

57. så de kan vita når noko er ureint, og når det er reint. Dette er lova om hudsjukdom, åt og sopp.