Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Lova om reine og ureine dyr

1. Herren tala til Moses og Aron og sa til dei:

2. Sei til israelittane: Desse kan de eta av alle dyreslag på jorda:

3. Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og jortar, dei kan de eta.

4. Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og av dei som har klauver: kamelen, for han jortar nok, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;

5. og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;

6. og haren, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein;

7. og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint.

8. Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine.

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som lever i vatnet, anten det er i hav eller elvar, og som har finnar og skjel, kan de eta.

10. Men alt som finst i havet og elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der og ikkje har finnar og skjel, det skal vera ein styggedom for dykk.

11. Ein styggedom skal dei vera for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira skal de ha avsky for.

12. Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera ein styggedom for dykk.

13. Dette er dei fuglane de skal ha avsky for – dei må de ikkje eta, for dei er ein styggedom: ørna, lammegribben og svartgribben,

14. glenta og alle slag falkar,

15. alle slag ramnar,

16. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

17. kattugla, skarven og hubroen,

18. slørugla, pelikanen og åtselgribben,

19. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

20. Alt kryp som har venger og går på fire føter, skal vera ein styggedom for dykk.

21. Av alt kryp som har venger og går på fire føter, må de ikkje eta anna enn det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med.

22. Av grashoppeslaga kan de eta desse: solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper.

23. Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera ein styggedom for dykk.

24. Dette er dei dyra som de vert ureine av – den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds,

25. og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds:

26. Alle dyr som har høver og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal de halda for ureine. Kvar den som kjem nær dei, vert urein.

27. Og alle firføtte dyr som går på labbar, skal de halda for ureine. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds.

28. Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. De skal halda dei for ureine.

29. Av smådyra som det kryr av på jorda, skal de halda desse for ureine: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,

30. anaka-firfisla, koah-firfisla, leta’a-firfisla, salamanderen og kameleonen.

31. Desse smådyra skal de halda for ureine. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.

32. Alt det som eit slikt dyr dett ned på, vert ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker, eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, vert alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

34. All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, vert urein, og all drikk som folk drikk, vert urein i slike kar.

35. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, vert ureint. Anten det er ein bakeomn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brunnar som det samlar seg vatn i, er like reine. Men den som kjem nær det daude dyret som ligg der, vert urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, skal de halda kornet for ureint.

39. Når eit dyr som de kan eta, døyr, og nokon kjem nær det daude dyret, då er han urein heilt til kvelds.

40. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds.

41. Alle smådyra som det kryr av på marka, er ein styggedom. Dei må ikkje etast.

42. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er ein styggedom.

43. Få ikkje på dykk styggedomen frå desse krypa på marka! Akta dykk for ureinskapen frå dei, så de ikkje sjølve vert ureine!

44. For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine med noko av det krypet som rører seg på marka.

45. For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt og vil vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.

46. Dette er lova om dyra og fuglane og alt liv som leikar i vatnet, og om alle dyr som det kryr av på marka,

47. så de kan skilja mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast.