Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Heilage gåver og offer

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren.

3. Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, no eller i framtida, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han rydjast ut frå mitt åsyn. Eg er Herren.

4. Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå,

5. eller den som kjem nær noko krypdyr som ein vert urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis vert urein av.

6. Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har lauga seg.

7. Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.

8. Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då vert han urein. Eg er Herren.

9. Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje fører synd over seg og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.

10. Ingen uvedkomande skal eta det som er heilagt. Den som held til hjå presten eller er leigekar hjå han, skal ikkje smaka det.

11. Men når ein prest kjøper ein træl for pengar, då kan trælen eta av det heilage. Like eins kan dei som er fødde i huset hans, eta av maten hans.

12. Når ei prestedotter gifter seg med ein mann som ikkje er av presteætt, må ho ikkje eta av dei heilage gåvene.

13. Men vert ho enkje eller skild frå mannen sin og ikkje har born, og ho så kjem attende til farshuset sitt, då kan ho eta av maten åt far sin liksom i ungdomen. Men ingen uvedkomande må eta av den maten.

14. Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han gje presten vederlag og leggja til ein femtedel.

15. Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren,

16. og såleis føra synd og skuld over folket, når dei et dei heilage gåvene deira. For eg er Herren, som helgar dei.

17. Herren tala til Moses og sa:

18. Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer dei ber fram for Herren som brennoffer,

19. då må de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk: Det skal vera ein lytelaus okse, ver eller bukk.

20. Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk.

21. Når nokon ber fram for Herren eit måltidsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer, då må det vera eit lytelaust dyr, om Herren skal ha hugnad i han. Det må ikkje finnast lyte på det.

22. De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av verkjesår, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja eldoffer av slike dyr på altaret for Herren.

23. Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som friviljug offer, men som lovnadsoffer tekkjest dei ikkje Herren.

24. Dyr som er gjelde, anten pungen er klemd eller knust, riven eller skoren, skal de ikkje bera fram for Herren. Slike dyr må de ikkje ofra i dykkar land.

25. Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat åt dykkar Gud. Dei er skadde; det er lyte på dei. For deira skuld tek Herren ikkje imot dykk.

26. Herren tala til Moses og sa:

27. Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen vil dei tekkjast Herren når de ber dei fram som eldoffer til han.

28. De skal ikkje slakta ei ku og kalven hennar eller ein sau og lammet hans same dagen.

29. Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.

30. De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det verta liggjande til morgons. Eg er Herren.

31. Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren.

32. Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg vil verta helga mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk.

33. Det var eg som førte dykk ut or Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.