Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ljosestaken og skodebrøda

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane at dei skal koma med rein olje av knust oliven til ljosestaken, så det kan setjast opp lamper til kvar tid!

3. I møteteltet, utanfor forhenget som er framfor lovkista, skal Aron stadig stella lampene, så dei kan brenna for Herrens åsyn frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig lov for dykk i ætt etter ætt.

4. Seint og tidleg skal han stella lampene på gull-ljosestaken som står for Herrens åsyn.

5. Så skal du ta kveitemjøl og baka tolv kaker. I kvar kake skal det vera to tiandedels efa.

6. Og du skal leggja dei i to rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn.

7. På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit eldoffer for Herren.

8. Kvar sabbatsdag skal brødet leggjast fram for Herrens åsyn som ei gåve frå israelittane. Det er ei evig pakt.

9. Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens eldoffer. Det er ein evig rett.

Den som spottar Herrens namn, skal døy

10. Ein mann som hadde ei israelittisk kvinne til mor og ein egyptar til far, gjekk ein gong ut mellom israelittane. I leiren kom han i trette med ein israelitt,

11. og son til den israelittiske kvinna spotta Herrens namn og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibris av Dans-ætta.

12. Dei sette han fast til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.

13. Og Herren sa til Moses:

14. Før spottaren ut or leiren! Alle som høyrde spottorda, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile lyden skal steina han.

15. Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg.

16. Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han steinast når han spottar Herrens namn.

17. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.

18. Den som slår i hel eit dyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.

19. Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:

20. brot for brot, auga for auga, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.

21. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.

22. Same retten skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.

23. Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses.