Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Prestane skal vera heilage og lytelause

1. Herren sa til Moses: Sei til prestane, Arons-sønene: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra eit lik,

2. utan at det er ein av dei næraste slektningane hans, anten mor, far, son, dotter eller bror.

3. Med ei ung syster som ikkje er gift og difor står han nær, kan han òg gjera seg urein.

4. Han må ikkje gjera seg urein i sitt ektestand, så han misser vigsla si mellom landsmennene sine.

5. Prestane skal ikkje klyppa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.

6. Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet hans, for dei ber fram Herrens eldoffer, mat åt sin Gud. Difor skal dei vera heilage.

7. Ingen av dei må gifta seg med ei skjøkje eller ei kvinne som er vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som mannen har skilt seg frå; for presten er vigd til sin Gud.

8. Og du skal halda han heilag; han ber fram mat åt din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.

9. Når ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.

10. Den som er øvsteprest mellom brørne sine og har fått salvingsoljen på hovudet sitt, er innsett i embetet og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda.

11. Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong ved far sin eller mor si må han gjera seg urein.

12. Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han har den vigsla som han fekk med sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.

13. Den kvinna han gifter seg med, må vera møy;

14. han må korkje ta ei enkje, ei kvinne som er fråskild eller vanæra, eller ei skjøkje. Berre ei møy av sitt eige folk skal han ta til kone,

15. så han ikkje skal vanhelga etterkomarane i ætta. For eg er Herren, som helgar han.

16. Herren tala til Moses og sa:

17. Sei til Aron: Ingen av etterkomarane dine som har eit lyte, skal no eller sidan koma og bera fram mat åt sin Gud.

18. Ingen som har eit lyte, skal stiga fram: ingen som er blind eller halt, ingen som har eit lyte i andletet eller ein vanskapt lem,

19. ingen som har ein broten fot eller arm,

20. ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller noko anna utslett, og ingen som er skadd i pungen.

21. Ingen etterkomar av presten Aron, som har eit lyte, skal koma og bera fram Herrens eldoffer. Fordi han har eit lyte, skal han ikkje koma og bera fram mat åt sin Gud.

22. Han kan få eta maten åt sin Gud, både av dei høgheilage og av dei heilage gåvene.

23. Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har eit lyte; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.

24. Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane.