Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Nadab og Abihu syndar og døyr

1. Arons-sønene Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, hadde glør i dei, la røykjelse på glørne og bar uvigsla eld fram for Herren, i strid med det han hadde gjeve dei påbod om.

2. Då fór det ut eld frå Herren og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.

3. Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som står meg nær, vil eg visa meg heilag, framfor heile folket vil eg visa meg mektig.» Aron tagde.

4. Men Moses ropa på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, som var farbror åt Aron, og sa til dei: «Kom hit og ber frendane dykkar bort frå heilagdomen og ut or leiren!»

5. Dei kom og gjorde som Moses hadde sagt, og bar dei ut or leiren med kjortlane på.

6. Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. For då kjem de til å døy, og Herren vert vreid på heile Israels-lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætta, skal gråta over den elden som Herren har sendt.

7. De skal ikkje gå bort frå møteteltdøra, for då må de døy, for Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.

8. Herren sa til Aron:

9. «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de skal gå inn i møteteltet. For då kjem de til å døy. Det skal vera ei evig lov for dykk, frå ætt til ætt,

10. så de kan skilja mellom heilagt og vanheilagt, mellom ureint og reint,

11. og læra israelittane alle dei lovene som Herren har late Moses kunngjera for dei.»

12. Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei av sønene hans som endå var i live: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret! For det er høgheilagt.

13. De skal eta det på ein heilag stad. Det er den delen av Herrens eldoffer som du og sønene dine har rett til. Det har eg fått påbod om.

14. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, skal de òg eta på ein vigsla stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den delen av måltidsoffera åt israelittane som er fastsett for deg og borna dine.

15. Låret som vert gjeve i avgift og brystet som vert svinga, skal de bera fram saman med feittet av eldofferet og svinga det for Herrens åsyn. Det høyrer deg og borna dine til. Den retten skal de ha til evig tid, så som Herren har sagt.»

16. Då Moses spurde etter syndofferbukken, viste det seg at han var oppbrend. Då vart han harm på Elasar og Itamar, dei som var att av sønene til Aron, og sa:

17. «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på ein heilag stad? Det er då eit høgheilagt offer. Herren har gjeve dykk det for at de skal ta bort skulda åt Israels-lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn.

18. Blodet vart ikkje bore inn i heilagdomen. Difor skulle de ha ete offerkjøtet på ein heilag stad, som eg har sagt.»

19. Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og likevel har slikt kome over meg. Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore etter Herrens vilje?»

20. Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.