Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den store soningsdagen

1. Då dei to Arons-sønene var borte, dei som laut døy den gongen dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses

2. og sa: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå inn i heilagdomen innanfor forhenget, fram til soningsstaden, som er oppå paktkista; elles må han døy. For eg openberrar meg i skya over soningsstaden.

3. Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein ver til brennoffer.

4. Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, ta på seg ei linbukse nærast kroppen, spenna eit linbelte om livet og binda eit linplagg om hovudet. Dette er dei heilage kleda. Før han tek dei på seg, skal han lauga lekamen sin.

5. Av Israels-lyden skal han få to bukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.

6. Så skal Aron leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og huslyden sin.

7. Og han skal ta dei to bukkane og leia dei fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.

8. Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.

9. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og ofra som syndoffer.

10. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel.

11. Når Aron leier fram sin eigen syndofferokse og gjer soning for seg og huslyden sin, skal han slakta oksen.

12. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret, som står for Herrens åsyn, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.

13. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden, som er over lovtavlene; elles må han døy.

14. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren på framsida av soningsstaden, og framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.

15. Så skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Med det skal han gjera som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.

16. Såleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinsa han for ureinskapen som israelittane har ført over han med alle sine brot og synder. Det same skal han gjera med møteteltet, som er reist hjå dei midt i ureinskapen deira.

17. Det må ikkje finnast noko menneske i møteteltet frå Aron går inn og gjer soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Såleis skal han gjera soning for seg og huslyden sin og for heile Israelslyden.

18. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens åsyn, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt ikring på altarhorna.

19. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren og reinsa det for ureinskapen åt israelittane og vigsla det.

20. Når Aron har fullført soninga for heilagdomen, møteteltet og altaret, skal han leia fram den levande bukken.

21. Han skal leggja begge hendene på hovudet hans og skrifta over han alle dei misgjerningar, brot og synder som israelittane har gjort, og leggja dei på hovudet åt bukken. Så skal han senda han ut i øydemarka med ein mann som står ferdig.

22. Bukken skal bera alle syndene deira med seg ut i villmarka, og mannen skal sleppa han der i øydemarka.

23. Så skal Aron gå inn i møteteltet og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.

24. Han skal lauga lekamen sin på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og ofra brennofferet for seg og brennofferet for folket. Såleis skal han gjera soning for seg og for folket.

25. Feittet av syndofferet skal han brenna på altaret.

26. Den mannen som leidde bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han få koma inn i leiren.

27. Syndofferoksen og syndofferbukken, som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til soning, skal førast ut or leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast.

28. Den som brenner det, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han koma inn i leiren.

29. Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk.

30. For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren.

31. Ein høgheilag sabbat skal de halda, og då skal de fasta. Det er ei evig lov.

32. Den presten som vert salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda,

33. og gjera soning for Det høgheilage og for møteteltet og altaret, og han skal gjera soning for prestane og for heile folket som er samla.

34. Dette skal vera ei evig lov for dykk: Ein gong om året skal det gjerast soning for syndene åt israelittane.Aron gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.