Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma.

2. Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter,

3. evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt,

4. men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.

5. Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.

6. Mellom dei er de òg, de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.

7. Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Paulus vil gjerne vitja Roma

8. Fyrst av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda talar dei om trua dykkar.

9. Gud sjølv, som eg tener av heile mitt hjarta med å forkynna evangeliet om Son hans, han er mitt vitne på at eg alltid nemner dykk i bønene mine.

10. Eg bed om at det endeleg ein gong må laga seg så at eg får koma til dykk, om Gud vil.

11. For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk ei Andens gåve for å styrkja dykk.

12. Eller rettare sagt: Saman skal vi, både eg og de, få nytt mot ved den trua som vi eig i lag.

13. De skal vita, brør, at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. Hjå dykk òg ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, liksom hjå dei andre folka.

14. For eg står i skuld både til grekarar og andre folkeslag, til lærde og ulærde.

15. Difor er det eg ynskjer å forkynna evangeliet for dykk i Roma òg.

Evangeliet, Guds kraft til frelse

16. For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.

17. For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

Guds dom over heidenskapen

18. Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett.

19. For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det.

20. For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med.

21. Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta.

22. Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap.

23. I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

24. Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin.

25. For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen!

26. Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg.

27. På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt.

28. Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.

29. Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list.

30. Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre.

31. Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta.

32. Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.