Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Fridom frå lova

1. De kjenner lova, brør, og veit at ho rår over eit menneske berre så lenge det lever.

2. Ei gift kvinne er etter lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til han.

3. Difor bryt ho ekteskapet om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og bryt ikkje ekteskapet om ho gifter seg med ein annan.

4. Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.

5. Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.

6. Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven.

Lova og synda

7. Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.

8. Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død.

9. Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv,

10. men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg.

11. For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg.

12. Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.

13. Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig.

14. Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda.

15. For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg.

16. Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god.

17. Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

18. For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje.

19. Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

20. Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

21. Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.

22. Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov.

23. Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene.

24. Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam?

25. Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.