Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste.

2. For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn.

3. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud.

4. For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

5. Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.

6. Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –

7. eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.

8. Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9. For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.

10. Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.

11. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

12. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner?

15. Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

16. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17. Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

18. Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg:Røysta deira har nått ¬over heile jorda,deira ord til heimsens endar.

19. Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses:Eg vil eggja dykk til misunningmot dei som ikkje er eit folk,på eit uvitug folk vil eg ¬gjera dykk harme.

20. Og Jesaja går så langt at han seier:Eg vart funnen av dei ¬som ikkje søkte meg;eg openberra meg for deisom ikkje spurde etter meg.

21. Men om Israel seier han:Heile dagen rette eg ut ¬mine hendertil eit ulydig og trassig folk.