Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Samhald i kyrkjelyden

1. Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans.

2. Éin har tru til å eta alt, den veike et berre grønsaker.

3. Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. For Gud har teke imot han.

4. Kven er du som dømer annan manns tenar? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal verta ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.

5. Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar for like. Men kvar skal vera fullt overtydd om sitt eige syn.

6. Den som aktar ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren; han takkar då Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud.

7. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.

8. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.

9. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde.

10. Men du, kvifor dømer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,

11. for det står skrive:Så visst som eg lever, ¬seier Herren,for meg skal kvart kne bøya seg,og kvar tunge skal prisa Gud.

12. Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv.

13. Så lat oss ikkje lenger døma kvarandre! Døm heller så at ingen skal føra ein bror til å snåva eller falla.

14. I trua på Herren Jesus veit eg, ja, er fullviss om at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.

15. Gjer du bror din sorg med maten du et, då fer du ikkje fram i kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din.

16. Lat ikkje det gode de eig, verta til spott.

17. For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.

18. Den som tener Kristus på denne måten, han er til hugnad for Gud og har vørdnad hjå menneske.

19. Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til oppbygging oss imellom!

20. Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men det er noko vondt for det mennesket som et og kjenner det som eit fall.

21. Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall.

22. Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds åsyn. Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv med det han vel å gjera.

23. Men den som et med tvil, han er dømd fordi han ikkje gjer det i tru. Alt som ikkje er av tru, er synd.