Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Det kristne livet

1. Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.

2. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3. Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

4. Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.

5. På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

6. Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;

7. den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,

8. og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

9. Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.

10. Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

11. Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

12. Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.

13. Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.

14. Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje.

15. Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt.

16. Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!

17. Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske.

18. Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk.

19. Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren.

20. Men det står òg:Er din uven svolten, ¬så lat han få mat,er han tyrst, så gjev han drikke.Gjer du det,samlar du gloande kol ¬på hovudet hans.

21. Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!