Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds veg med Israel

Guds gåver til Israel

1. Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande.

2. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt.

3. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn.

4. Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene;

5. deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

Gud vel ut folket sitt

6. Med dette vil eg ikkje ha sagt at Guds ord har vorte om inkje. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,

7. og ikkje alle som er ætta frå Abraham, er Abrahams born. Det står då: Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er dei som er born etter lovnaden, som skal reknast for Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.

10. Og dette er ikkje alt. Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, ættefar vår.

11. Før dei var fødde, då dei korkje hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå ved lag,

12. og den er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.

13. Det står då skrive: Jakob hadde eg kjær, men mot Esau hadde eg uvilje.

14. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15. For til Moses seier han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast over den som eg ynkast over.

16. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som gjer miskunn.

17. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det av di eg ville syna mi makt på deg og la mitt namn verta kunngjort over heile jorda.

18. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til meisteren: «Kvifor laga du meg slik?»

21. Eller har ikkje krusmakaren makt over leiret, så han av same deigen kan laga eit kar til ære og eit anna til vanære?

22. Og endå Gud ville syna sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort langmod tolt dei kar som var under vreiden, dei som var laga for å gå til grunne.

23. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei kar som han ville syna miskunn, dei som han føreåt hadde gjort ferdige til herlegdom.

24. Oss òg har han kalla til å vera slike kar, ikkje berre mellom jødane, men mellom dei andre folkeslaga òg.

25. Som han seier hjå Hosea:Dei som ikkje er mitt folk,vil eg kalla mitt folk,og henne som eg ikkje elska,vil eg kalla den som eg elskar.

26. Og på den staden ¬der det vart sagt til dei:De er ikkje mitt folk,der skal dei kallastborna åt den levande Gud.

27. Og Jesaja ropar ut over Israel:Om Israel var så talrikt ¬som havsens sand,skal berre ein rest verta frelst.

28. Det Herren har sagt, ¬skal han gjera på jorda;han avgrensar, ¬men fullfører det.

29. Og som Jesaja før har sagt:Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud,late ei ætt vera att åt oss,då var vi som Sodoma,då likna vi Gomorra.

Israel og evangeliet

30. Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.

31. Israel derimot tøygde seg etter lova med hennar rettferd, men dei nådde ikkje opp til lova.

32. Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen,

33. som det står skrive:Sjå, eg legg på Sion ¬ein støytesteinog eit berg til fall.Men den som trur på han,skal ikkje verta til skammar.