Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Tilhøvet til styremaktene

1. Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.

2. Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom.

3. Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg.

4. For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom iverk over den som gjer det vonde.

5. Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.

6. Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av.

7. Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære.

Kjærleiken er oppfylling av lova

8. Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.

9. For boda: Du skal ikkje bryta ekteskapet, Du skal ikkje slå i hel, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det så kan vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

10. Den som har kjærleik, gjer ikkje nesten noko vondt. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.

11. De veit kor langt det lid: Timen er komen då de lyt vakna opp or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til tru.

12. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, og ta på oss dei våpen som høyrer ljoset til.

13. Lat oss fara sømeleg fram som på ljose dagen, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i strid og misunning.

14. Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsut for lekamen at det kveikjest lyster.