Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsingar

1. Eg vil leggja inn eit godt ord hjå dykk for Føbe, syster vår; ho gjer teneste i kyrkjelyden i Kenkreæ.

2. Ta imot henne i Herren, som det sømer seg for kristne. Gjev henne den hjelp ho treng å få av dykk. Sjølv har ho vore til hjelp for mange, for meg òg.

3. Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristi Jesu teneste.

4. Dei våga livet for å berga meg. Det har ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne kyrkjelydane grunn til å takka dei for.

5. Helsa òg kyrkjelyden som samlast heime hjå dei. Helsa min kjære Epainetos; han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia.

6. Helsa Maria, som har arbeidt så mykje for dykk.

7. Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg.

8. Helsa Ampliatus, min kjære kristne ven.

9. Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristi teneste, og min kjære Stakys.

10. Helsa Apelles, han som har stått si prøve som kristen. Helsa Aristobolus og huslyden hans.

11. Helsa Herodion, landsmannen min. Helsa dei kristne i huslyden hjå Narkissos.

12. Helsa Tryfena og Tryfosa som arbeider for Herren. Helsa den kjære Persis, som har arbeidt så mykje for Herren.

13. Helsa Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg.

14. Helsa Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne som er saman med dei.

15. Helsa Filologus og Julia, Nerevs og syster hans og like eins Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei.

16. Helsa kvarandre med ein heilag kyss. Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.

17. Eg legg dykk på hjarta, brør: Hald auga med dei som går imot den læra de har motteke, og med det skaper usemje og fører andre til fall. Hald dykk frå dei.

18. Slike menneske tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk. Med fine ord og lokkande tale fører dei godtruande menneske på avveg.

19. Men alle har høyrt om den lydnad de syner, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det som godt er, og uskyldige i det som vondt er.

20. Gjev fredens Gud snart må knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!

21. Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk.

22. Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren.

23. Gaius, som er vert for meg og heile kyrkjelyden, helsar dykk. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår.

24. Vår Herre Jesu Kristi nåde være med dere alle! Amen.

25. Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider,

26. men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru.

27. Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.