Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Levittane får kvar sine gjeremål

1. Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel.

2. Så kalla han saman alle hovdingane i Israel og prestane og levittane.

3. Det vart halde manntal over levittane, så mange som var tretti år eller meir, og talet på menn var trettiåtte tusen.

4. Kongen sa: «Av desse skal tjuefire tusen stå for arbeidet på Herrens hus, og seks tusen skal vera tilsynsmenn og domarar.

5. Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.»

6. David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.

7. Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.

8. Sønene til Ladan var Jehiel, som var hovding, og Setam og Joel, tre i talet.

9. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i talet. Det var hovdingane i Ladan-ættene.

10. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je’usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i talet.

11. Jahat var hovding, så kom Sisa. Je’usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag.

12. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i talet.

13. Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla dei høgheilage tinga, bera fram offer for Herren og lysa velsigning i hans namn til evig tid.

14. Men sønene til Moses, gudsmannen, skulle reknast til Levi-ætta.

15. Sønene hans var Gersjom og Elieser.

16. Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding.

17. Son til Elieser, Rehabja, var òg hovding. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene til Rehabja var svært mange.

18. Jishar hadde sonen Sjelomit, som var hovding.

19. Av Hebron-sønene var Jeria hovding; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.

20. Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia.

21. Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj.

22. Då Elasar døydde, var det ingen søner etter han, berre døtrer; dei gifte seg med frendane sine, sønene til Kisj.

23. Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet.

24. Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25. David sa: «No har Herren, Israels Gud, gjeve folket sitt ro og vil bu i Jerusalem til evig tid.

26. Difor treng ikkje levittane bera teltet meir, eller noko av alt det som høyrer med til tenesta der.»

27. For det var etter dei siste føresegnene frå David at det vart halde manntal over levittane, så mange som var tjue år eller meir.

28. Det dei fekk i oppgåve, var å hjelpa Arons-sønene med tenesta i Herrens hus. Dei skulle ha tilsyn med føregardane og sideroma, syta for at alt det heilage vart halde reint, og greia alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus –

29. stella med skodebrøda, kveitemjølet til grødeofferet og dei usyrte brødleivane, med det som vert steikt på helle, og med deigen som vert knadd; dei skulle òg sjå etter alle mål, både holmål og lengdemål.

30. Kvar morgon skulle dei stå og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.

31. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart frambore brennoffer for Herren, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene. Så ofte som fastsett var, skulle dei stiga fram for Herren.

32. Såleis skulle dei syta for tenesta i møteteltet og heilagdomen, den tenesta som Arons-sønene, brørne deira, tek seg av i Herrens hus.