Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Levittane lovar Herren

1. Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist åt henne, og dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Gud.

2. Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i Herrens namn.

3. Så delte han ut til kvar israelitt, både mann og kvinne, ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake.

4. Sidan sette han nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.

5. Asaf var den øvste av dei; etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på cymblane,

6. og prestane Benaja og Jahasiel skulle støtt blåsa i trompetar framfor paktkista.

7. Den dagen sette David for fyrste gong Asaf og brørne hans til å lovsyngja Herren:

8. Pris Herren, ¬kalla på hans namn,forkynn hans storverk ¬mellom folka!

9. Syng for han, og spel for han,tal om alle hans under!

10. Ros dykk av hans ¬heilage namn!Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.

11. Spør etter Herren og hans makt,søk alltid hans åsyn!

12. Kom i hug dei under ¬han har gjort,hans teikn og domsord,

13. de born av Israel, hans tenar,Jakobs søner, ¬som han har valt ut.

14. Han er Herren vår Gud,over all jorda rår hans rett.

15. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid,det ord han gav til tusen ætter,

16. den pakt han gjorde ¬med Abraham,sin dyre lovnad til Isak.

17. Den gjorde han til ei lov ¬for Jakob,til ei evig pakt for Israel.

18. Han sa: «Deg vil eg gjeKanaan til arv og eige.»

19. Då dei endå var få i landet,ein liten flokk av innflyttarar,

20. vandra dei frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

21. Men han lét ingen få trælka dei,han tukta kongar ¬for deira skuld:

22. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»

23. Syng for Herren, all jorda,forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

24. Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom,mellom alle folk ¬om hans under!

25. Ja, stor og høglova er Herren,meir ageleg enn alle gudar.

26. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.Det var Herren ¬som skapte himmelen.

27. Høgd og herlegdom ¬er framføre han,makt og glede ¬på hans heilage stad.

28. Gjev Herren ære og makt,gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

29. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha,stig fram for han ¬med offergåver!Bøy dykk for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!

30. Skjelv for hans åsyn, ¬all jorda!Fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.

31. Himmelen skal gleda seg,jorda skal jubla;dei skal fortelja mellom folka:Herren er konge.

32. Havet og alt som i det er, ¬skal brusa.Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,

33. kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.Dei skal ropa for Herren,som kjem ¬og vil døma jorda.

34. Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer til evig tid!

35. Frels oss, vår frelsande Gud, ¬skal dei seia.Samla oss og berga oss ¬frå folkeslaga,så vi kan prisa ¬ditt heilage namnog setja vår ære ¬i å lovsyngja deg.

36. Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og alt folket sa «amen» og prisa Herren.

Tenesta ved paktkista

37. Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag –

38. og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.

39. Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon.

40. Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.

41. Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

42. Desse to, Heman og Jedutun, hadde trompetar og cymblar hjå seg til bruk for dei som skulle spela, og like eins andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.

43. Så tok alt folket ut og fór kvar til sin heim; og David vende òg heim att, ville velsigna huslyden sin.