Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

David sigrar i krig

1. Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane som låg ikring.

2. Moabittane vann han òg over. Dei laut gje seg under han og svara skatt.

3. Like eins vann David over Hadadeser, kongen i Soba, ved Hamat, då han drog ut og ville vinna herredøme ved Eufrat.

4. David tok frå han tusen vogner, sju tusen hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre av dei.

5. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.

6. David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7. David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8. Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.

9. Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,

10. sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på han og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden mot Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse.

11. Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane.

12. Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann.

13. Så la David vaktmannskap i Edom, og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

14. Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.

15. Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.

16. Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.

17. Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen.