Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Såleis vart alle israelittar innførte i ættelister, og dei er oppskrivne i boka om Israels-kongane.Folket i Juda vart bortført til Babylonia fordi det hadde bore seg trulaust åt.

Folket i Jerusalem

2. Dei fyrste som slo seg ned i byane og tok over eigedomane deira, var vanlege israelittar og prestar, levittar og tempeltenarar.

3. I Jerusalem budde nokre av Juda-sønene, av Benjamins-sønene og av Efraims- og Manasse-sønene.

4. Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda;

5. av Sjela-sønene: Asaja, den eldste, og sønene hans;

6. av Serah-sønene: Je’uel; brørne deira var i alt seks hundre og nitti mann;

7. av Benjamins-sønene: Sallu, son til Mesjullam, son til Hodavja, son til Hassenua,

8. og Jibneja, son til Jeroham, og Ela, son til Ussi, son til Mikri, og Mesjullam, son til Sjefatja, son til Re’uel, son til Jibnia,

9. og brørne deira, ætt for ætt, ni hundre og femtiseks i talet; alle desse mennene var hovdingar i ættgreinene sine.

10. Av prestane: Jedaja, Jojarib, Jakin,

11. Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Akitub, som var den øvste i Guds hus,

12. Adaja, son til Jeroham, son til Pasjkur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jaksera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer,

13. og brørne deira; dei var alle hovdingar i ættgreinene sine, eitt tusen sju hundre og seksti i talet, menn som dugde vel til å gjera teneste i Guds hus.

14. Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av Merari-sønene,

15. og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf,

16. og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-mennene.

17. Portvaktarane var: Sjallum, Akkub, Talmon, Akiman og brørne deira; Sjallum var den øvste av dei.

18. Dei står framleis ved Kongeporten, på austsida. Det er dei som held vakt i levittleirane.

19. Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.

20. Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.

21. Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.

22. Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.

23. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.

24. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.

25. Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.

26. Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.

27. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.

28. Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.

29. Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.

30. Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen.

31. Mattitja, ein av levittane, eldste son til Sjallum av Korah-ætta, var tiltrudd å ta seg av bakverket.

32. Og nokre av brørne deira frå Kehat-ætta hadde ansvaret for skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.

33. Så var det tempelsongarane, ættehovdingar hjå levittane. Dei heldt til i sideroma; for dei laut gjera teneste dag og natt.

34. Dette var ættehovdingane hjå levittane, innførte som hovdingar i ættelistene. Dei budde i Jerusalem.

35. I Gibeon budde Je’uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.

36. Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Ner, Nadab,

37. Gedor, Akjo, Sakarja og Miklot.

38. Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.

39. Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.

40. Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.

41. Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.

42. Akas fekk sonen Jara, og Jara vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,

43. og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel.

44. Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.