Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Hærførarane åt David

1. Dette er talet på ættehovdingane åt israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hærflokken å gjera. Heile året arbeidde desse flokkane på skift, ein månad om gongen, og kvar av dei var på tjuefire tusen mann.

2. Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann.

3. Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei hærførarane som gjorde teneste i den fyrste månaden.

4. Over den hærflokken som gjorde teneste i den andre månaden, stod Dodai frå Akoak. Miklot var ein av førarane i flokken hans, som var på tjuefire tusen mann.

5. Den tredje hærføraren, han som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til presten Jojada. Han var den øvste i hærflokken og hadde tjuefire tusen mann under seg.

6. Denne Benaja var ei kjempe mellom dei tretti hovdingane og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i flokken hans.

7. Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

8. Den femte, han som gjorde teneste i den femte månaden, var Sjamhut, ein hærførar av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

9. Den sjette, han som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

10. Den sjuande, han som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelet, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

11. Den åttande, han som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai, ein av Serah-sønene av Husja-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

12. Den niande, han som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamins-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

13. Den tiande, han som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

14. Den ellevte, han som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

15. Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

Ættehovdingar og embetsmenn

16. Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka;

17. for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok;

18. for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael;

19. for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel;

20. for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja;

21. for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner;

22. for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var hovdingane for Israels-ættene.

23. David tok ikkje tal på dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville gjera israelittane talrike som stjernene på himmelen.

24. Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David.

25. Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.

26. Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.

27. Sjimi frå Rama såg til med vingardane og Sabdi frå Sjefam med vinlagera i vingardane.

28. Ba’al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera.

29. Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane,

30. Obil frå Ismael med kamelane, Jekdeja frå Meronot med esla

31. og Jasis, hagritten, med småfeet. Alle desse var tilsynsmenn over eigedomen åt kong David.

32. Jonatan, farbror til David, var rådgjevar. Han var ein klok og skriftlærd mann. Jehiel, son til Hakmoni, fylgde alltid kongssønene.

33. Akitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husjai av Arak-ætta var venen hans.

34. Etter Akitofel kom Jojada, son til Benaja, og Ebjatar. Joab var hærføraren åt kongen.