Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sa David: «Her skal det stå, huset åt Herren Gud, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»

Salomo skal byggja templet

2. Så baud David at alle innflyttarane som budde i Israel, skulle kallast saman, og han sette dei til å hogga til den steinen som Guds hus skulle byggjast av.

3. Han drog òg i hop ei mengd med jern til naglar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast,

4. og tallause sederbjelkar. Og mennene i Sidon og Tyrus førte ei mengd med sedertre til David.

5. For han tenkte med seg: «Salomo, son min, er ung og veik. Men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det vert kjent og lovprist i alle land. Difor vil eg førebu bygget.» Så samla David ei mengd med vyrke før han døydde.

6. Ein dag kalla han til seg Salomo, son sin, og bad han byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.

7. David sa til han: Son min, eg hadde sjølv tenkt å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud.

8. Men Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Mykje blod har du rent ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus åt meg; for eg har sett kor mykje blod du har rent ut.

9. Men du skal få ein son som skal vera ein fredsæl mann, og han vil eg gje ro for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg la Israel få fred og ro.

10. Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»

11. Så vere då Herren med deg, son min! Gjev du må ha lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, så som han har sagt om deg.

12. Berre no Herren vil gje deg vit og skjøn når han set deg over Israel, og berre du vil halda lova åt Herren din Gud!

13. Då kjem du til å ha lukka med deg, når du legg vinn på å leva etter dei føresegner og bod som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver djerv og sterk! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

14. Her har eg med strev og møde samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og så mykje bronse og jern at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg fått fram, og meir kan du sjølv leggja til.

15. Arbeidsfolk har du i flokketal: steinhoggarar, murarar og tømmermenn, og mykje folk som skjønar seg på allslags arbeid

16. i gull, sølv, bronse og jern. Gå til verket, og Herren vere med deg!

17. Så bad David alle Israels hovdingar at dei skulle hjelpa Salomo, son hans:

18. «Ser de ikkje at Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk ro på alle kantar? Han har gjeve meg herredøme over dei som budde i landet, og landet er lagt under Herren og folket hans.

19. Så legg no hjarta og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Og gjer dykk ferdige til å byggja heilagdomen åt Herren Gud, så de kan få flytt Herrens paktkiste og dei heilage kara som høyrer gudstenesta til, inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.»