Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ufred med ammonittane og aramearane

1. Ei tid etter bar det så til at Nakasj, kongen i Ammon, døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

2. Då tenkte David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende David nokre menn som skulle trøysta han i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun,

3. sa ammonitthovdingane til han: «Trur du det er fordi han vil æra far din, at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi dei vil ransaka landet, speida det ut og så øydeleggja det, at mennene hans er komne hit til deg?»

4. Då greip Hanun mennene til David. Han raka dei, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.

5. Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Då ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og mennene hans tusen talentar sølv til å leiga vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå aramearriket Ma’aka og frå Soba.

7. Dei leigde trettito tusen vogner og fekk med seg kongen i Ma’aka og hæren hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.

8. Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.

9. Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve bortpå marka.

10. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.

11. Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.

12. Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg hjelpa deg.

13. Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»

14. Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.

15. Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Absjai, bror til Joab, og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att til Jerusalem.

16. Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom, og over seg hadde dei Sjofak, hærføraren til Hadadeser.

17. Då David fekk melding om det, samla han heile Israel og sette over Jordan. Då han kom fram til aramearane, fylka han hæren sin mot dei, og dei gav seg i strid med han.

18. Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju tusen av stridsvognene deira og felte førti tusen mann av fotfolket. Sjofak, hærføraren, fekk òg sin bane der.

19. Då mennene åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med David og gav seg under han. Sidan ville ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.