Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Songarane og tenesta deira

1. Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:

2. av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre;

3. av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris;

4. av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.

5. Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.

6. Alle desse stod under fedrane sine, Asaf, Jedutun og Heman, når dei var med på gudstenesta i Herrens hus og song til tonane frå cymblar, harper og lyrer, alt etter føresegn frå kongen.

7. Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman.

8. Dei kasta lodd om arbeidet sitt, og alle stod likt, den minste som den største, meisteren som læresveinen.

9. Det fyrste loddet fall på Josef av Asaf-ætta; den andre var Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i talet;

10. den tredje var Sakkur med søner og brør, tolv i talet.

11. Det fjerde loddet fall på Jisri med søner og brør, tolv i talet;

12. den femte var Netanja med søner og brør, tolv i talet;

13. den sjette var Bukkia med søner og brør, tolv i talet;

14. den sjuande var Jesarela med søner og brør, tolv i talet;

15. den åttande var Jesaja med søner og brør, tolv i talet;

16. den niande var Mattanja med søner og brør, tolv i talet;

17. den tiande var Sjimi med søner og brør, tolv i talet;

18. den ellevte var Asarel med søner og brør, tolv i talet.

19. Det tolvte loddet fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i talet;

20. den trettande var Sjubael med søner og brør, tolv i talet;

21. den fjortande var Mattitja med søner og brør, tolv i talet.

22. Det femtande loddet fall på Jeremot med søner og brør, tolv i talet;

23. det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i talet;

24. det syttande fall på Josjbekasja med søner og brør, tolv i talet;

25. det attande fall på Hanani med søner og brør, tolv i talet;

26. det nittande fall på Malloti med søner og brør, tolv i talet;

27. det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i talet;

28. det tjuefyrste fall på Hotir med søner og brør, tolv i talet;

29. det tjueandre fall på Giddalti med søner og brør, tolv i talet;

30. det tjuetredje fall på Mahasiot med søner og brør, tolv i talet,

31. og det tjuefjerde fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i talet.