Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ny ufred med ammonittane og filistarane

1. Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, drog Joab ut med hæren sin og herja ammonittlandet. Då han kom til Rabba, kringsette han byen. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Men Joab tok Rabba og øydela han.

2. David tok krona av hovudet på ammonittkongen. Han fann at ho var av gull og vog ein talent, og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.

3. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og øksar. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

4. Sidan kom det til strid med filistarane ved Geser. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Sippai og var ein av etterkomarane etter Rafa. Då vart dei kua.

5. Endå ein gong kom det til strid med filistarane, og Elkanan, son til Ja’ir, felte Lakmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

6. Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.

7. Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

8. Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.