Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Menneskebod og Guds bod

1. Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.

2. Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med vanheilage, det vil seia uvaska hender.

3. For farisearane og alle andre jødar vaskar hendene med litt vatn før dei et. Dette er i samsvar med føresegnene frå dei gamle.

4. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje før dei har vaska seg. Dei har òg mange andre skikkar, som dei har overteke og held fast på, så som å skylja koppar og krus og koparkjerald.

5. Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor fylgjer ikkje læresveinane dine dei føresegnene som vi har frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»

6. Då sa Jesus: «Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive:Dette folket ærar meg ¬med lippene,men hjarta deira er langt borte ¬frå meg.

7. Dei dyrkar meg fåfengt,for det dei lærer, ¬er menneskebod.

8. De bryr dykk ikkje om Guds bod, men held fast på føresegner som er overtekne etter menneske.»

9. Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner.

10. Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.

11. Men de lærer: Om ein mann seier til far sin eller mor si: Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ein korban – det er ei gåve til templet –

12. då lèt de han ikkje få lov til å hjelpa far sin eller mor si.

13. Såleis gjer de Guds ord om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke og gjev vidare. Og slikt gjer de mykje av.»

14. Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og skjøna det eg seier!

15. Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Men det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint.

16. Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

17. Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om denne likninga.

18. «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utanfrå, ikkje kan gjera det ureint?

19. Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

20. Og han la til: «Det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint.

21. For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,

22. ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse.

23. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

Fønikarkvinna som trudde

24. Så tok han ut derifrå og fór til bygdene kring Tyrus. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.

25. Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som det var ei urein ånd i. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.

26. Denne kvinna var ikkje jøde; ho var frå landet der, Fønikia i Syria. Og ho bad han driva den vonde ånda ut or dotter hennar.

27. Men Jesus sa til henne: «Lat fyrst borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

28. «Det er sant, Herre,» svara ho, «men hundane under bordet et då av smulane etter borna.»

29. Då sa han til henne: «Sidan du sa dette, kan du gå heim; den vonde ånda har fare ut or dotter di.»

30. Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga; den vonde ånda hadde fare ut.

Den døve som hadde vondt for å tala

31. Sidan drog Jesus bort att frå landet kring Tyrus. Han tok vegen gjennom Sidon og Dekapolis-landet og kom til Galilea-sjøen.

32. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han.

33. Jesus tok han med seg bort frå folket. Så stakk han fingrane sine i øyro hans, vætte tunga hans med spytt,

34. såg opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»

35. Då vart øyro hans opplatne, og tunga vart løyst så han tala klårt.

36. Jesus forbaud dei å seia det til nokon; men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent.

37. Folk undra seg storleg og sa: «Han har gjort alle ting vel. Han får døve til å høyra og mållause til å tala.»