Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og han la til: «Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.»

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

2. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira,

3. og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.

4. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei tala med Jesus.

5. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

6. Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei var så redde.

7. Då kom det ei sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

8. Men best dei såg seg ikring, såg dei ingen annan enn Jesus; han åleine var hjå dei.

9. På vegen ned frå fjellet baud han dei at dei ikkje skulle tala til nokon om det dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

10. Dei merka seg det ordet og drøfte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.

11. «Seier ikkje dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» spurde dei.

12. Jesus svara: «Jau, Elia kjem fyrst og set alt i rett skikk. Men kva står skrive om Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje.

13. Men eg seier dykk at Elia alt er komen, og dei gjorde med han som dei ville – så som det står skrive om han.»

Hjelp meg i mi vantru!

14. Då dei kom attende til dei andre læresveinane, såg dei ein stor folkehop samla ikring dei og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.

15. Med det same folket fekk auga på Jesus, stokk dei til, og dei sprang imot han og helsa.

16. «Kva er det de er usamde om?» spurde han.

17. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei mållaus ånd i seg.

18. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står or munnen, og han skjer tenner og vert stiv. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei makta det ikkje.»

19. Då sa Jesus til dei: «Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»

20. Dei leidde guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg og togg skum.

21. «Kor lenge har han hatt det så?» spurde Jesus. «Sidan han var liten,» svara faren.

22. «Ofte har ånda kasta han både i eld og vatn for å gjera ende på han. Men kan du gjera noko, så ha medynk med oss og hjelp oss!»

23. «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogeleg for den som trur.»

24. Straks ropa far til guten: «Eg trur, hjelp meg i mi vantru!»

25. Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine ånda og sa: «Du mållause og døve ånd, eg byd deg: Far ut or han, og far aldri meir inn i han!»

26. Då skreik ho høgt, reiv hardt i han og fór ut. Guten låg som livlaus, og mange sa at han var død.

27. Men Jesus tok han i handa og reiste han opp, og han stod opp.

28. Då Jesus var komen i hus, og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

29. Han svara: «Dette slaget kan ikkje drivast ut med anna enn bøn og faste.»

Jesus talar atter om at han skal døy og stå opp att

30. Dei tok ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det,

31. for han heldt på å læra læresveinane sine. Då sa han til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske; dei skal slå han i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Dei skjøna ikkje dette, men våga ikkje å spørja han.

Kven er den største?

33. Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de tala om på vegen?»

34. Dei tagde, for på vegen hadde dei tala med kvarandre om kven som var den største.

35. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Den som vil vera den fyrste, må vera den siste av alle og tenar for alle.»

36. Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei, la armane om det og sa til dei:

37. «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, han tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

For eller imot

38. Johannes sa til han: «Meister, vi såg at ein mann som ikkje er i lag med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista å hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»

39. Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For den som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan ikkje så snart tala vondt om meg.

40. Den som ikkje er imot oss, er med oss.

Stå fast i freisting!

41. Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.

42. Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.

43. Om handa di lokkar deg til synd, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar,

44. der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

45. Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete,

46. der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

47. Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete,

48. der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

49. For kvar og ein skal saltast med eld.

50. Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!»