Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paktarane og arvingen

1. Så tok han til å tala til dei i likningar: «Det var ein gong ein mann som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

2. Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga.

3. Men dei greip tenaren og slo han og sende han tomhendt bort.

4. Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei; han slo dei i hovudet og spotta han.

5. Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.

6. No hadde han ein einaste att, son sin, som han heldt så av. Til sist sende han sonen til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

7. Men vindyrkarane sa til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

8. Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut or vingarden.

9. Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på desse paktarane og la andre få vingarden.

10. Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta:Den steinen bygningsmennene ¬vraka,har vorte hjørnestein.

11. Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.»

12. Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.

Er det rett å svara skatt til keisaren?

13. Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.

14. Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi gjera det, eller skal vi la vera?»

15. Men Jesus merka hyklarskapen deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar, og lat meg få sjå han!»

16. Dei gav han ein, og han spurde: «Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei.

17. Då sa Jesus til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undra seg svært over han.

Oppstoda frå dei døde

18. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

19. «Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein mann døyr og lèt etter seg kone, men ikkje born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

20. No var det sju brør; den eldste tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.

21. Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og den tredje like eins.

22. Ingen av dei sju lét etter seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.

23. Men i oppstoda, når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»

24. Jesus sa til dei: «De fer vilt! Og gjer de ikkje det fordi de korkje kjenner skriftene eller Guds makt?

25. For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og vert ikkje bortgifte; dei er som englane i himmelen.

26. Men at dei døde står opp, det har de vel lese om i Moseboka? I forteljinga om klungeren seier Gud til Moses: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

27. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De tek heilt i miss.»

Dei to store boda

28. Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»

29. Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin;

30. og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.

31. Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje.»

32. Den skriftlærde sa til han: «Vel tala du, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.

33. Å elska han av heile sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og andre offer.»

34. Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til han: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.

Kven Messias er

35. Ein gong medan Jesus lærte på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?

36. For sjølv seier David, driven av Den Heilage Ande:Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendarunder dine føter.

37. Når David kallar Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»Den store folkehopen høyrde gjerne på Jesus.

Jesus åtvarar mot dei skriftlærde

38. Og medan han lærte dei, sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget.

39. Dei vil sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod.

40. Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

Største gåva

41. Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.

42. Så kom det ei fattig enkje og la to småmyntar; det er ein øre.

43. Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.

44. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.»