Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesu liding og død

Samansverjing mot Jesus

1. No var det berre to dagar att til påske- og usyrdebrødshelga. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å gripa Jesus med list og slå han i hel.

2. «Det må ikkje gjerast i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.»

Jesus vert salva i Betania

3. Jesus var no i Betania, heime hjå Simon den spedalske. Medan dei sat til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho opna krukka og helte salven ut over hovudet hans.

4. Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik øyding med salve tena til?

5. Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala kvast til henne.

6. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

7. Dei fattige har de alltid hjå dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil; men meg har de ikkje alltid.

8. Ho gjorde det ho kunne, og føreåt salva ho lekamen min til gravferda.

9. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, verta fortalt til minne om henne.»

Judas byd seg til å svika Jesus

10. Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus i deira hand.

11. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika han.

Det siste måltidet

12. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?»

13. Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja,

14. og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?

15. Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18. Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19. Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?»

20. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg.

21. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»

Nattverden

22. Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Ta det! Dette er min lekam.»

23. Så tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk av han alle.

24. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange.

25. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri meir skal eg drikka av frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

I Getsemane

26. Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

27. Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å venda dykk frå meg, for det er skrive: Hyrdingen slår eg, og sauene skal spreiast.

28. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

29. Då sa Peter: «Om så alle vender seg frå deg, skal ikkje eg gjera det.»

30. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»

31. Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.

32. Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»

33. Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru

34. og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»

35. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at han måtte verta spart for denne timen, om det var råd.

36. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogeleg for deg. Ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

37. Då han kom attende, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Var du ikkje god til å vaka ein einaste time?

38. Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.»

39. Så gjekk han bort att og bad same bøna.

40. Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn, og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.

41. Tredje gongen kom han til dei og sa: «De søv framleis og kviler, de! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast i syndarhand.

42. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Jesus vert teken til fange

43. I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.

44. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med trygg vakt.»

45. Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.

46. Så la dei hand på han og tok han til fange.

47. Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.

48. Då sa Jesus til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.

49. Dag etter dag var eg hjå dykk på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje. Men såleis skulle skriftene oppfyllast.»

50. Då forlét alle Jesus og rømde.

51. Ein ung mann fylgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,

52. men han sleppte linkledet og rømde naken.

Jesus for Det høge rådet

53. Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.

54. Men Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.

55. Overprestane og heile Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.

56. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitnemåla samsvara ikkje.

57. Då stod det fram nokre som vitna falskt imot han og sa:

58. «Vi har høyrt han seia: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.»

59. Men heller ikkje her var det samsvar mellom vitnemåla.

60. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»

61. Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den Høglova?»

62. Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma med himmelskyene.»

63. Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?

64. De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle sa han var skuldig til å døy.

65. Då tok somme til å spytta på han, og dei la eit plagg over andletet hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene slo han på kinnet.

Peter fornektar Jesus

66. Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestjentene hjå øvstepresten.

67. Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne nasarearen Jesus.»

68. Men han nekta. «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du talar om,» sa han og gjekk ut i portromet.

69. Men jenta fekk auga på han der, og tok atter til å seia til dei som stod ikring: «Han er ein av dei.»

70. Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Ja menn er du ein av dei! Du er då galilear.»

71. Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.»

72. I det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.