Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Døyparen Johannes står fram

1. Dette er opphavet til evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.

2. Hjå profeten Jesaja står det skrive:Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg,han skal rydja vegen for deg.

3. Ei røyst ropar i øydemarka:Ryd veg for Herren,gjer stigane hans rette!

4. Såleis stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine.

5. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han; og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.

6. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.

7. Han forkynte: «Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.

8. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.»

Jesu dåp og freisting

9. På den tid kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.

10. Med det same han steig opp or vatnet, såg han himmelen opna seg og Anden dala ned over han som ei due.

11. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i.»

12. Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka;

13. og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.

Dei fyrste læresveinane

14. Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium

15. og sa: «Tida er komen, og Guds rike er nær. Vend om og tru på evangeliet!»

16. Ein gong han gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.

17. Jesus sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

18. Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.

19. Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei sat i båten og bøtte nøtene sine.

20. Straks kalla han dei, og dei gjekk ifrå far sin, Sebedeus, som sat att i båten saman med leigekarane, og dei fylgde Jesus.

Ein dag i Kapernaum

21. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærte folket.

22. Dei var tekne av undring over læra hans, for han lærte med mynde og ikkje som dei skriftlærde.

23. No var det i synagoga deira ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa:

24. «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

25. Men Jesus truga den ureine ånda og sa: «Tei still og far ut or han!»

26. Og ho reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut or han.

27. Då vart alle forfærde og spurde kvarandre: «Kva er dette? Ei ny lære, med makt og mynde! Han byd jamvel dei ureine åndene, og dei lyder han.»

28. Og gjetordet om han fór snart over heile Galilea.

29. Frå synagoga gjekk dei heim til Simon og Andreas; Jakob og Johannes var med.

30. Vermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.

31. Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.

32. Då det vart kveld og sola gladde, kom dei til han med alle som var sjuke eller forgjorde;

33. heile byen var samla utfor døra.

34. Han lækte mange som leid av ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.

Jesus bed og forkynner

35. Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han.

36. Simon og dei som var med han, skunda seg etter,

37. og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg.»

38. Men Jesus svara: «Lat oss halda fram til småbyane her ikring, så eg kan tala til folket der òg. Det er difor eg er komen.»

39. Så drog han ikring i heile Galilea, tala i synagogene deira og dreiv ut dei vonde åndene.

Den spedalske mannen

40. Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.»

41. Jesus fekk medkjensle med han, rette ut handa og tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!»

42. Med det same var sjukdomen borte, og mannen var rein.

43. Jesus tala strengt til han og baud han gå sin veg.

44. «Sei ikkje eit ord til nokon om dette,» sa han. «Men gå og vis deg for presten, og ber fram dei offer som Moses har gjeve påbod om for den som lèt seg reinsa. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

45. Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på øydestader. Men folk kom til han frå alle kantar.