Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus mettar fire tusen

1. Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:

2. «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.

3. Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar.»

4. «Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?» svara læresveinane.

5. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei.

6. Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket.

7. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut.

8. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger.

9. Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim.

10. Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.

Krav om teikn

11. No kom farisearane til, og dei gav seg i ordskifte med Jesus. Dei bad han om eit teikn frå himmelen, for dei ville setja han på prøve.

12. Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne ætta eit teikn? Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje få noko teikn.»

13. Dermed gjekk han ifrå dei, steig i båten og drog over til hi sida.

Den farlege surdeigen

14. Men læresveinane hadde gløymt å ta brød med; dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten.

15. Då åtvara Jesus dei og sa: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og Herodes!»

16. Då sa dei seg imellom: «Dette seier han fordi vi ikkje har brød med oss.»

17. Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor talar de om at de ikkje har brød? Ser og skjønar de enno ingen ting? Er de så harde?

18. Har de augo og ser ikkje? Har de øyro og høyrer ikkje? Hugsar de ikkje

19. den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen, kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv,» svara dei.

20. «Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju,» svara dei.

21. «Og endå skjønar de ingen ting?» sa han.

Den blinde mannen i Betsaida

22. Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han.

23. Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut or byen. Så vætte han augo hans med spytt, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?»

24. Mannen såg opp og sa: «Eg skimtar menneske; for eg ser noko som liknar tre gå ikring.»

25. Så la Jesus på nytt hendene over augo hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt.

26. Og Jesus sende han heim og sa: «Gå ikkje inn i byen!»

Peters vedkjenning

27. Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»

28. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.»

29. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»

30. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

Jesus talar om at han skal døy og stå opp att

31. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Dette sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes.

33. Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»

Å fylgja Jesus

34. Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg.

35. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det.

36. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?

37. Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

38. Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin, saman med dei heilage englane.»