Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus for Pilatus

1. Med det same morgonen rann, samrådde overprestane seg med dei eldste og dei skriftlærde, heile Rådet, og tok si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.

2. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

3. Overprestane kom no med mange klagemål mot han.

4. Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei klagar deg for!»

5. Men Jesus svara ikkje eit ord, så Pilatus undra seg.

6. Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den dei sjølve bad om.

7. Ein som heitte Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar. Dei hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.

8. Då no folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane,

9. sa han: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»

10. For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus i hans hand.

11. Men overprestane fekk eggja opp folket, så dei bad at han heller skulle gje dei Barabbas fri.

12. Då tok Pilatus til ords att og sa: «Kva skal eg då gjera med han som de kallar kongen over jødane?»

13. «Krossfest han!» ropa dei imot.

14. «Kva vondt har han då gjort?» spurde Pilatus. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»

15. Pilatus ville gjerne gjera folket til lags. Han gav dei Barabbas fri, men Jesus lét han piska og gav han så over til krossfesting.

Soldatane spottar Jesus

16. Soldatane førte no Jesus inn i borggarden og kalla saman heile vaktstyrken.

17. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans.

18. Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du jødekonge!»

19. Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.

20. Og då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han purpurkappa og hadde på han hans eigne klede.Så førte dei Jesus ut og skulle krossfesta han.

Jesus vert krossfest

21. På vegen møtte dei ein mann som kom inn frå landet, Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus; honom tvinga dei til å bera krossen hans.

22. Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata, det tyder Hovudskallen.

23. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.

24. Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha.

25. Det var ikring den tredje timen dei krossfeste han.

26. Og innskrifta med klagemålet mot han lydde: «Kongen over jødane».

27. Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans.

28. Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna mellom brotsmenn.

29. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar!

30. Frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

31. På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!

32. Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

Jesus døyr

33. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.

34. Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»

37. Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38. Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.

39. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

40. Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.

41. Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

Jesus vert gravlagd

42. Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.

43. Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.

44. Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så.

45. Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket.

46. Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga.

47. Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.