Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jesus gjekk atter inn i ei synagoge. Der var det ein mann som hadde ei lam hand.

2. Og dei heldt auga med han om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.

3. Men han sa til mannen med den lame handa: «Reis deg og kom fram!»

4. Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv? Men dei tagde.

5. Då såg han på alle ikring seg, harm og sorgfull fordi dei var så harde i hjarta. Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god att.

6. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen.

Folket flokkar seg kring Jesus

7. Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea fylgde han.

8. Og frå Judea og Jerusalem, frå Idumea og landet austanfor Jordan og frå bygdene kring Tyrus og Sidon kom dei til han i store flokkar; for dei hadde høyrt om alt han gjorde.

9. Då sa han til læresveinane at det skulle liggja ein båt ferdig til han, om folket skulle trengja for hardt innpå han.

10. For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram og ville ta i han.

11. Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»

12. Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.

Jesus kallar dei tolv apostlane

13. Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.

14. Han sette inn tolv som skulle vera med han, og som han ville senda ut. Dei skulle forkynna

15. og ha makt til å driva ut dei vonde åndene.

16. Han sette inn dei tolv; det var Simon, som han kalla Peter,

17. Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –

18. og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus og Simon Kananeus,

19. og Judas Iskariot, han som sveik han.

Jesu makt over dei vonde åndene

20. Med det same han kom heim, strøymde folk saman att, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.

21. Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad og ville henta han. «Han må vera reint ifrå seg,» sa dei.

22. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva ut dei vonde åndene.»

23. Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?

24. Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan ikkje det riket halda seg,

25. og kjem ein heim i strid med seg sjølv, kan ikkje den heimen halda seg.

26. Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg; då er det ute med han.

27. Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.

28. Sanneleg, det seier eg dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei så spottar.

29. Men den som spottar Den Heilage Ande, får i all æve ikkje tilgjeving; han er skuldig i ei evig synd.»

30. Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»

Jesu sanne skyldfolk

31. Då kom Jesu mor og brørne hans; dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut.

32. Det sat ein stor flokk ikring han, og nokre sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og spør etter deg.»

33. Jesus svara: «Kven er mor mi og brørne mine?»

34. Og han såg på dei som sat ikring han, og sa: «Sjå her er mor mi og brørne mine!

35. Den som gjer det Gud vil, er bror min, syster mi og mor mi.»