Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds lovnad til David og ætta hans

1. Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring,

2. sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.»

3. Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Herren er med deg!»

4. Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så:

5. Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i?

6. Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.

7. Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?»

8. Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

9. Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.

10. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar.

11. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg.

12. Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.

13. Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.

14. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag.

15. Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.

16. Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.

17. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

David takkar og bed

18. Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: «Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg til denne dag?

19. Og endå var dette for lite for deg, Herre Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud.

20. Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.

21. For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.

22. Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.

23. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt, eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Du skapte deg eit namn då du gjorde storverk for dei og under for landet ditt, for folket ditt, som du fria ut or Egypt, frå folka og gudane deira.

24. Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.

25. Så lat det no, Herre Gud, stå fast for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, og gjer som du har sagt!

26. Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, han er Gud over Israel. Og huset åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.

27. For du, Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.

28. Ja, Herre Gud, du er Gud, og det du har lova, skal du halda. Du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.

29. Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For du, Herre Gud, har tala, og med di velsigning vil ætta åt tenaren din vera velsigna til evig tid.»