Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paktkista kjem til Sion

1. Endå ein gong samla David alt det utvalde mannskapet i Israel, tretti tusen mann.

2. Han og alle mennene som var med han, tok ut og fór til Ba’ala i Juda. Der ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane.

3. Dei sette kista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus, som låg på haugen. Ussa og Akjo, sønene til Abinadab, køyrde den nye vogna.

4. Såleis førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på haugen. Sjølve fylgde dei med, og Akjo gjekk føre kista.

5. David og heile Israels-folket dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, bjøller og cymblar.

6. Men då dei kom til treskjevollen åt Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste, fordi oksane var ustyrlege.

7. Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på flekken fordi han hadde misfare seg, og han døydde der attmed Guds paktkiste.

8. David var oppøst fordi Herren hadde slege Ussa ned. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.

9. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?»

10. Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.

11. Der vart ho ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huslyden hans.

12. Då kong David fekk høyra at Herren hadde velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det han åtte, for paktkista skuld, drog han av stad og henta Guds paktkiste frå huset åt Obed-Edom. Han førte henne opp til Davids-byen med stor glede.

13. Då dei som bar paktkista, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.

14. David dansa av all kraft for Herrens åsyn. Han var kledd i presteklede av lin.

15. Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt.

16. Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han.

17. Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist åt henne, og David bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.

18. Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i namnet åt Herren, Allhærs Gud.

19. Så delte han ut ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, som var samla frå heile Israel.

20. Då David kom heim att og ville helsa på huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut mot han og sa: «Kor ærefullt Israels konge bar seg åt i dag, då han synte seg naken for augo på tenestjentene åt mennene sine, som lauslyndt folk har for vis!»

21. David svara Mikal: «Det var for Herrens åsyn eg dansa, for han som valde meg ut framom far din og heile hans ætt og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel. For Herrens åsyn vil eg dansa

22. jamvel om eg gjer meg endå ringare enn eg no har gjort, og vert endå mindre vørd av deg. Men hjå desse tenestjentene som du talar om, hjå dei skal eg vinna ære.»

23. Mikal Saulsdotter var barnlaus til sin døyande dag.