Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av åsryggen, fekk han auga på Siba, som var tenestemann hjå Mefibosjet; han kom imot han med eit par kløvesel. På dei førte han to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ei hit med vin.

2. Kongen sa til Siba: «Kva vil du med dette?» Siba svara: «Esla skal kongslyden ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i øydemarka.»

3. Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil Israels-folket gje meg att kongedømet åt farfar min.»

4. Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Gjev du alltid må visa meg godvilje, herre konge!»

5. Då kong David nådde fram til Bakurim, kom det ein mann ut or byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Som han kom, forbanna han David

6. og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.

7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!

8. No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»

9. Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»

10. Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»

11. Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.

12. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»

13. Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.

14. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

Absalom i Jerusalem

15. Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.

16. Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!»

17. Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»

18. Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.

19. Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»

20. Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?»

21. Akitofel svara: «Gå og ligg med fylgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg reint til uvens med far din, får dei mot, alle som fylgjer deg.»

22. Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn, så heile Israel kunne sjå det, og låg med fylgjekonene til far sin.

23. På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom.