Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Mennene i Gibeon tek hemn

1. I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då vende David seg til Herren og spurde han til råds. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og ætta hans fordi han drap folk i Gibeon.»

2. Kongen kalla då til seg mennene i Gibeon og tala med dei. Gibeons-buane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Israelittane hadde gjort pakt med dei, men Saul hadde prøvt å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.

3. David sa til Gibeons-mennene: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg sona det som er gjort, så de kan velsigna Herrens eigedom?»

4. Gibeons-mennene svara: «Vi vil korkje ha sølv eller gull av Saul og ætta hans, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»

5. Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydja oss ut, så det ikkje skulle finnast att nokon av oss i heile Israels-landet.

6. Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi bryta armar og bein på dei for Herren i Gibea, der Saul, Herrens utvalde, høyrde heime.» Då sa kongen: «De skal få dei.»

7. Kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.

8. Men kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa Ajjadotter, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal Saulsdotter hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola,

9. og gav dei i hendene på Gibeons-mennene, som skamfór dei oppe på fjellet for Herrens åsyn. Såleis kom dei av dage alle sju på ein gong. Det var i dei fyrste dagane av skurdonna, tidleg i byggskurden, dei vart drepne.

10. Rispa Ajjadotter tok syrgjeklede og breidde ut under seg på berget. Og der sat ho frå fyrst i kornskurden heilt til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho sytte for at fuglane under himmelen ikkje sette seg på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.

11. Då David fekk høyra kva Rispa Ajjadotter, fylgjekona til Saul, hadde gjort,

12. drog han av stad og henta beina av Saul og Jonatan, son hans. Dei låg hjå Jabesj-buane i Gilead, som i løynd hadde teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistarane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa.

13. Då David hadde henta beina av Saul og Jonatan, son hans, derifrå, samla dei saman beina av dei som hadde vorte skamfarne.

14. Og dei gravla beina av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava åt Kisj, far til Saul. Alt gjorde dei så som kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som steig opp frå landet.

Hendingar i filistarkrigane

15. Endå ein gong vart det krig mellom filistarane og israelittane. David og mennene hans drog ned og stridde mot filistarane, og David vart trøytt og sliten.

16. Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sekel, og han bar eit nytt sverd.

17. Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»

18. Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa.

19. Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja’are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

20. Sidan kom det til strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.

21. Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

22. Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.