Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Drapet på Isjbosjet

1. Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel var avskræmt.

2. No hadde Sauls-sonen to menn som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba’ana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Be’erot og høyrde Benjamins-ætta til. For Be’erot vart òg rekna til Benjamin.

3. Men folket i Be’erot hadde rømt til Gittajim, der dei har butt til denne dag.

4. Jonatan, son til Saul, hadde ein son som var lam i føtene. Han var fem år gamal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisre’el. Fostermora tok han med seg og rømde; men då ho skunda seg av stad, datt han ned og vart lam. Han heitte Mefibosjet.

5. Sønene til Rimmon frå Be’erot, Rekab og Ba’ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag.

6. Den kvinna som vakta huset, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde vorte trøytt og sovna, så Rekab og Ba’ana, bror hans, slapp usedde framom.

7. Dei kom inn i huset medan han låg på senga i soveromet sitt, slo han i hel og hogg hovudet av han. Det tok dei med seg, og så gjekk dei heile natta gjennom Jordan-dalen.

8. Dei kom til David i Hebron med hovudet åt Isjbosjet og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet åt Isjbosjet, son til Saul, han som var fienden din og stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og ætta hans, herre konge.»

9. Men David svara Rekab og Ba’ana, bror hans, sønene til Rimmon frå Be’erot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

10. Den mannen som kom til meg med melding om at Saul var død, meinte sjølv at han kom med gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag; det var den løna eg gav han for gledebodet.

11. Og no, når ugjerningsmenn har drepe ein rettvis mann i hans eige hus og hans eiga seng, skulle eg ikkje då krevja dykk til rekneskap for hans død og rydja dykk ut or landet?»

12. Så tala David med mennene sine, og dei drap Rimmon-sønene og hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet åt Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron.