Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

David vert konge over heile Israel

1. Sidan kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.

2. Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»

3. Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron, og kong David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Så salva dei David til konge over Israel.

4. David var tretti år gamal då han vart konge, og han styrte i førti år.

5. I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.

David tek Jerusalem

6. Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn.

7. Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.

8. Den dagen sa David: «Kvar den som feller ein jebusitt – desse lame og blinde, som hatar David – og går opp gjennom vassberarsjakta, han skal vera hovding og førar.» Difor heiter det: «Ein blind eller lam får ikkje koma inn i templet.»

9. David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen. Han bygde rundt ikring, frå Millo og utover.

10. Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.

11. Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømmermenn og steinhoggarar; dei bygde eit hus åt David.

12. David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.

Davids søner i Jerusalem

13. Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg endå fleire fylgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk fleire søner og døtrer.

14. Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,

15. Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia,

16. Elisjama, Eljada og Elifelet.

David vinn over filistarane

17. Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga.

18. Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.

19. Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Herren svara David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.»

20. Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.

21. Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.

22. Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.

23. Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea!

24. Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg og vil slå filistarhæren.»

25. David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser.