Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Du er mannen!

1. Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig.

2. Den rike hadde småfe og storfe i mengd;

3. den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han.

4. Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.»

5. Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy!

6. Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.»

7. Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.

8. Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre.

9. Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med.

10. Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria.

11. Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.

12. Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.»

13. Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.

14. Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.»

15. Så gjekk Natan heim att.Herren lét det koma ein hard sjukdom over det barnet David hadde fått med kona til Uria.

Sonen til Batseba døyr

16. David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim om kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natta.

17. Dei øvste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå golvet; men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.

18. Sjuande dagen døydde barnet. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død; dei sa: «Når vi tala til han medan guten levde, ville han ikkje høyra på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»

19. Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.»

20. Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.

21. Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.»

22. Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?

23. Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»

Salomo vert fødd

24. David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han

25. og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld.

Krig mot ammonittane

26. Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.

27. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen.

28. Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.»

29. Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk mot byen og tok han.

30. Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og vog ein talent; og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.

31. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar og lét dei træla ved teglomnane. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.