Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta vart dryg. Og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætta veikare og veikare.

David får søner i Hebron

2. David fekk desse sønene medan han budde i Hebron: Den fyrste var Amnon, som han fekk med Akinoam frå Jisre’el.

3. Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Ma’aka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur.

4. Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital.

5. Den sjette var Jitream, son til Egla; ho òg var kona til David. Desse sønene fekk David i Hebron.

Abner går over til David

6. Så lenge striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls-ætta.

7. No hadde Saul hatt ei fylgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Ein gong sa Isjbosjet til Abner: «Kvifor har du vore saman med fylgjekona til far min?»

8. Då Abner høyrde det Isjbosjet sa, vart han brennande harm og sa: «Er eg berre eit hundehovud som held med Juda? Den dag i dag viser eg truskap mot ætta åt Saul, far din, mot frendane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap for denne kvinna skuld!

9. Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer det for David som Herren har lova han.

10. Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.»

11. Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.

12. Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»

13. David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.»

14. Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»

15. Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.

16. Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att.

17. Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.

18. Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.»

19. Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre.

20. Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han.

21. Og Abner sa til David: «No vil eg fara i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så gjer dei pakt med deg, og du kan rå over heile det riket du ynskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog trygt bort.

Drapet på Abner

22. Davids menn og Joab kom heim frå ei herjeferd og hadde mykje hærfang med seg. Abner var då ikkje lenger hjå David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege trygt bort.

23. Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.»

24. Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg?

25. Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.»

26. Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.

27. Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.

28. Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson.

29. Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.»

30. Såleis drap Joab og Abisjai, bror hans, Abner fordi han hadde felt Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.

31. Så sa David til Joab og til alle som var med han: «Riv sund kleda dykkar, ta på dykk syrgjeplagg og hald lik-klage over Abner!» Sjølv gjekk kong David etter båra.

32. Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og alt folket gret.

33. Og kongen kvad ein klagesong over Abner:Laut Abner døy ¬som ein niding døyr?

34. Dine hender var ikkje bundne,dine føter ikkje lagde i lekkjer.Du fall som ein fell ¬for ugjerningsmenn.Då gret folket endå meir over han.

35. Sidan kom folket og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gladd!

36. Folket merka seg dette og lika det godt. Alt det kongen gjorde, lika dei godt.

37. Den dagen skjøna alle som var samla, ja heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner Nersson.

38. Og kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at ein hovding og stor mann i Israel er fallen i dag.

39. Eg er enno for veik, om eg er salva til konge, og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»