Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Israels fråfall ved Peor

1. Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva hor med moabittkvinner.

2. Desse kvinnene bad dei til ofringar for gudane sine, og folket åt og tilbad gudane deira.

3. Då Israel batt seg til Baal-Peor, flamma Herrens vreide opp mot Israel.

4. Han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.»

5. Moses sa til dommarane i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene dykkar som har halde seg til Baal-Peor.»

6. Men sjå, då kom ein mann, ein av israelittane, med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom sine eigne landsmenn, midt for auga på Moses og heile Israels forsamling, der dei sat og gret ved opninga til teltheilagdomen.

7. Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og tok eit spyd.

8. Så følgde han etter israelitten inn i soverommet og rende det gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.

9. Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.

10. Herren sa til Moses:

11. «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver.

12. Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han.

13. Med han og etterkomarane hans skal det gjerast ei pakt om presteteneste for all framtid, fordi han viste brennande iver for sin Gud og gjorde soning for israelittane.»

14. Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av leiarane i Simon-stammen.

15. Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi. Ho var dotter til Sur, som var leiar for ei av slektene i Midjan.

16. Sidan sa Herren til Moses:

17. «Gå til strid mot midjanittane og slå dei ned!

18. For dei gjekk til strid og la ei listig felle for dykk. Det var dette som hende i saka med Peor og med Kosbi, ho som var dotter til ein midjanittleiar, og ei av deira eigne, og som vart drepen den gongen pesten herja etter saka med Peor.»

Ny folketeljing

19. Då pesten var over,