Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Israels dagsmarsjar i ørkenen

1. Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då dei drog ut frå Egypt, hæravdeling for hæravdeling, leia av Moses og Aron.

2. På Herrens ord skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på dagsmarsjane sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:

3. Dei braut opp frå Ramses på den femtande dagen i den første månaden. Dagen etter påskehøgtida drog israelittane av stad med lyft hand, midt for auga på alle egyptarane.

4. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine førstefødde, som Herren hadde slege i hel hos dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.

5. Israelittane braut opp frå Ramses og slo leir i Sukkot.

6. Frå Sukkot braut dei opp og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av ørkenen.

7. Frå Etam braut dei opp og tok ei anna lei mot Pi-Hahirot, som ligg midt imot Baal-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Frå Pi-Hahirot braut dei opp og gjekk gjennom sjøen og inn i ørkenen. Så gjekk dei tre dagar gjennom Etam-ørkenen og slo leir i Mara.

9. Frå Mara braut dei opp og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.

10. Frå Elim braut dei opp og slo leir ved Sivsjøen.

11. Frå Sivsjøen braut dei opp og slo leir i Sin-ørkenen.

12. Frå Sin-ørkenen braut dei opp og slo leir i Dofka.

13. Frå Dofka braut dei opp og slo leir i Alusj.

14. Frå Alusj braut dei opp og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka.

15. Frå Refidim braut dei opp og slo leir i Sinai-ørkenen.

16. Frå Sinai-ørkenen braut dei opp og slo leir i Kibrot-Hattaava.

17. Frå Kibrot-Hattaava braut dei opp og slo leir i Haserot.

18. Frå Haserot braut dei opp og slo leir i Ritma.

19. Frå Ritma braut dei opp og slo leir i Rimmon-Peres.

20. Frå Rimmon-Peres braut dei opp og slo leir i Libna.

21. Frå Libna braut dei opp og slo leir i Rissa.

22. Frå Rissa braut dei opp og slo leir i Kehelata.

23. Frå Kehelata braut dei opp og slo leir ved Sjefer-fjellet.

24. Frå Sjefer-fjellet braut dei opp og slo leir i Harada.

25. Frå Harada braut dei opp og slo leir i Makhelot.

26. Frå Makhelot braut dei opp og slo leir i Tahat.

27. Frå Tahat braut dei opp og slo leir i Terah.

28. Frå Terah braut dei opp og slo leir i Mitka.

29. Frå Mitka braut dei opp og slo leir i Hasmona.

30. Frå Hasmona braut dei opp og slo leir i Moserot.

31. Frå Moserot braut dei opp og slo leir i Bene-Jaakan.

32. Frå Bene-Jaakan braut dei opp og slo leir i Hor-Hagidgad.

33. Frå Hor-Hagidgad braut dei opp og slo leir i Jotbata.

34. Frå Jotbata braut dei opp og slo leir i Abrona.

35. Frå Abrona braut dei opp og slo leir i Esjon-Geber.

36. Frå Esjon-Geber braut dei opp og slo leir i Sin-ørkenen, i Kadesj.

37. Frå Kadesj braut dei opp og slo leir ved Hor-fjellet, på grensa til Edom.

38. Aron, presten, gjekk på Herrens ord opp på Hor-fjellet, og der døydde han. Det var i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den første dagen i den femte månaden.

39. Aron var 123 år gammal då han døydde på Hor-fjellet.

40. Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev i Kanaan, fekk høyra at israelittane kom,

41. braut dei opp frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona.

42. Frå Salmona braut dei opp og slo leir i Punon.

43. Frå Punon braut dei opp og slo leir i Obot.

44. Frå Obot braut dei opp og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab.

45. Frå Ijjim braut dei opp og slo leir i Dibon-Gad.

46. Frå Dibon-Gad braut dei opp og slo leir i Almon-Diblatajim.

47. Frå Almon-Diblatajim braut dei opp og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.

48. Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

49. Leiren deira låg langsmed Jordan, frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.

50. Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa:

51. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan-landet,

52. skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund gudebileta deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.

53. Så skal de ta landet og busetja dykk der. For eg har gjeve landet til dykk så de kan ta det i eige.

54. De skal fordela landet mellom dykk ved loddkasting, slekt for slekt. Ei stor slekt skal få større eigedom og ei lita slekt mindre eigedom til arv. Kvar slekt skal få etter som loddet fell. De skal få arv innanfor den stammen som de høyrer til.

55. Men driv de ikkje ut dei som bur i landet, då skal dei de sparer, bli tornar i auga og broddar i sida dykkar. Dei kjem til å gå til åtak på dykk inne i landet der de har slått dykk ned.

56. Då skal eg gjera med dykk som eg hadde tenkt å gjera med dei.